Elektrisk og eklektisk stund
Vaporwave-veteran returnerer med fredsæl EP.
Den kanadiske artisten Patrick Driscoll, betre kjend som Blank Banshee, er blant dei mest kjende produsentane innan vaporwave. Han opererer med ein stil som gjerne blir kalla vaportrap, ein kombinasjon av vaporwave, ein sjanger som oppstod i internettkulturen rundt 2010, og trap, ein undersjanger av hiphop og dubstep som er spekka med umiskjenneleg suggererande, dundrande basstrommer.
Samanlikna med hans tre tidligare album, 0, 1 og Mega, som alle med god grunn kan reknast som klassikarar innan vaporwave, er EP-en Metamorphosis meir meditativ og ambientaktig i karakteren. Her er det mindre openberr sampling av nostalgisk populærkultur på gang – i Blank Banshees produksjon er snuttar lånte frå kjelder som Windows 95-oppstarten og teiknefilmar som Simpsons og Akira ofte lett gjenkjennelege – og låtane er korte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.