«Ekte og utsøkt»
Wolfgang Rübsam spelar luttmusikken til Weiss på luttcembalo.
«Berre Sylvius skal spela lutt.» Koparstikk av Bartolomeo Folin (Leipzig, 1776).
«Dei er komponerte i den ekte og utsøkte stilen, omtrent som i klaververka til salig Joh. Seb. Bach.» Dette skreiv verdas fyrste Bach-biograf, J.N. Forkel, etter at han i 1782 hadde studert luttverka til Silvius Leopold Weiss (1687–1750).
Forkel er inne på noko her. Dei høgbarokke verka deira har nemleg noko av den same gjennomarbeidde teksturen, dei klåre ideane og den naturlege, ledige stemmeføringa. Vel å merka avgrensar Weiss’ stilistiske likskapar seg til Bachs suitar, altså rekkjene med stiliserte dansar, ikkje til Bachs polyfone sonatar. For sjølv om stykka på dette nye albumet er kalla «sonatar», er dei i røynda dansesuitar, gjerne med ein ouverture fremst i satsrekkja.
Kongeleg luttspelar
Det er belegg for at den to år eldre Bach møtte Weiss minst to gonger, kort tid før dei begge døydde med halvannan månads mellomrom i 1750. I den samanhengen var Weiss den av dei med høgast formell status. Han var nemleg kongeleg kammerluttspelar hjå kurfyrst August den sterke i Dresden, medan Bach «berre» var kantor og musikkdirektør i Leipzig. Som si tids mest kjende luttvirtuos var Weiss mellom dei høgast betalte hoffmusikarane.
Eit koparstikk eg kjøpte i eit antikvariat i Praha for nokre år sidan, vitnar om statusen hans. Under portrettet er nemleg eit dikt av den saksiske hoffpoeten von König sitert: «Es soll nur Sylvius die Laute spielen» – «Berre Sylvius skal spela lutt.»
Luttcembalo
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.