Eksperimentell bluegrass
Aksel Jensen provar at kontrabass kan høyrast OK ut i denne musikktradisjonen også.
Espen Bjarnar Gjermo, Magnus Soltvedt Wiik og Aksel Jensen spelar i Open Strings Department.
Pressefoto
Eksperimentell bluegrass høyrest ut som ei sjølvmotseiing, og det ville vera å tøya definisjonen av eksperimentell å hevda at Americanarchy er nettopp det. Det er likevel ikkje ei spesielt tradisjonell bluegrassplate Open String Department har laga. Hugsar ein fem år attende til debutplata til trioen Fringe Music, var det heller ikkje å venta.
Wiik, Gjermo og Jensen hadde ikkje planlagt den fem år lange inkubasjonstida til andreplata, men av og til tek livet retningar som gjer at kunstnarlege prosjekt vert sette på vent. Heldigvis, kan ein trygt seia i dette tilfellet. Trioen står her fram med tryggleik og nerve i samspelet som berre musisering på ein scene framføre eit publikum kan gje. Fringe Music var interessant, men mykje av interessa var knytt til bidraga frå gjestene Stian Carstensen og Ola Kvernberg. No held trioen aleine lyttaren fanga.
Dei ni låtane er alle sjølvlaga. Seks av dei er signerte Wiik. Materialet spenner frå å stå med båe beina i tradisjonen, til dømes i Gjermos «Bjarnar’s Mental Breakdown», til å ha eit ironisk skråblikk mot den same tradisjonen, som i Wiiks «Count M’Por Ary’s Rag» eller Jensens «Billionaire Handshake», som også syner at samarbeidet med fiolinisten Harpreet Bansal har bore frukter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.