Eivind Austad i New Orleans
Austad har late seg inspirera av tradisjonsrike omgjevnader.
Jazz
Eivind Austad New Orleans Trio:
That Feeling
Eivind Austad, piano; James Singelton, bass; Johnny Vidachovic, trommer.
Losen Records LOS 248-2
Denne plata har eg hatt liggjande ei stund og spelt med ujamne mellomrom. Musikken er lett å lika, men det er først etter ein del gjennomspelingar eg har skjøna kor bra plata er.
Austad møtte og spelte saman med Singelton og Vidachovic i New Orleans i 2014, og då han fire år seinare fann ut at han skulle laga ei plate med New Orleans-inspirert musikk, inviterte han dei med på laget. Musikken er sett saman av fire Austad-låtar, dei tradisjonelle «Baisin Street Blues» og «What a Friend We Have in Jesus», Ornette Colemans «Turnaround» og, til stor overrasking, George Harrisons «Something» – som han gjer ein aldeles glimrande versjon av, og som avslører eit tilnærma telepatisk samspel med bassisten.
I slike prosjekt har ein lett for å køyra seg fast i groove-sporet. Musikken kan fort bli eindimensjonal. Det unngår Austad elegant. Visst svingar det på ekte New Orleans-vis, som i «What a Friend We Have in Jesus» og tittellåten, men det som gjer denne plata verd å høyra på gong på gong, er dei pregnante melodilinjene han tryllar fram i kor etter kor. I Coleman-låten overgår Austad seg sjølv. I det mest fem minuttar lange koret strøymer ideane på. Det er noko Jan Johanssonsk over det heile. Harmoniseringane er sparsame, og Singelton får ein framskoten plass med det fleksible kompet sitt. I «724 Blues» kombinerer dei den tilbakelente grooven med eit enkelt og fengande tema som Austad utviklar med ein hypnotisk bruk av pausar. Her er det høgmesse og fest på lokalet på same tid.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Abid Raja er advokat og Venstre- politikar.
Foto: Lina Hindrum
Det trugande utanforskapet
På sitt beste er Vår ære og vår frykt historia om ei integrering på retur og ei kraftig åtvaring om kva som kan skje som følgje av det.
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.