Eit umake samarbeid

Eit trekantmøte som funkar som ei kule.

Publisert

Byrjinga på samarbeidet mellom den svenske vokalisten Sofia Järnberg og den norske spelemannen Olav Luksengård Mjelva byrja med eit møte på Hagenfesten i Dalarna for ti år sidan.

Urframføringa fann stad på Vossa Jazz i 2012, og minnest eg rett, var det eit produkt som ikkje hadde fått den siste finpussen, som blei framført. Etter nokre rundar på ymse festivalscenar har ideen til Järnberg kome tydeleg fram.

Detaljar

«Som om vi höll ett förstoringsglas över musiken för att hitta detaljerna och sprida ut dem över en större ensemble», skriv Jernberg på omslaget. Det tradisjonelle låtmaterialet er utgangspunktet, men arrangørane Järnberg, Zethson og Lene Grenager har gjort mykje meir enn å halda eit «förstoringsglas över musiken». Arrangørane har late seg inspirera og teke musikken i ulike retningar, men med full respekt for utgangspunktet.

Tilpassing

Trondheim Jazz Orchestra har nok ein gong tilpassa besetningen til prosjektet og spelar som dei aldri skulle gjort anna enn å spela slik musikk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement