Eit lite meisterverk
Bushman’s Revenge er så langt frå ein A4-trio som det er mogeleg å koma.
Bushman’s Revenge er ute med sitt tiande album.
Foto: Marthe Amanda Vannebo
Bushman’s Revenge er ein trio som ofte høyrest ut som eit langt større samtidsmusikkensemble. Det har vore ein lang veg å gå frå debutplata Cowboy Music i 2007 til årets gjennomarrangerte meisterverk Et hån mot overklassen. Dei som har forventningar om rå og tung gitartriomusisering, blir ikkje skuffa. «Greetings to Gisle» kombinerer ein attoverlent groove med feit gitarlyd og eit lengre velstrukturert gitarkor frå Hermansen, men denne låta går over i «Ladies Night at The Jazz Fusion Disco» (som må vera den mest ironiske låttittelen så langt i år). Dette er ein av fleire overgangar som er med å gje plata verkkarakter.
Sans for detaljar
Trioen har gjeve seg sjølv mykje å spela på. Hermansen nyttar eit arsenal av gitarar og pedalar. Også Nergaard og Nilssen veit å utnytta klangvariasjonane i instrumenta sine. Nergaard går sjølvaste Steve Swallow i næringa. I tillegg til å nytta klangpotensialet i hovudinstrumenta, triplar alle tre med perkusjon og elektronikk i tillegg til mykje anna. Dette har blitt gjort før av mange andre, og det er sjølvsagt ikkje dette aleine som gjer susen. Alle verkemidla er nytta med ein kresen sans for detaljar og dynamikk og tilpassa heilskapen.
Frå a til å
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.