Eit førebels punktum

Budapestkonserten er gullstandarden.

Pianistkarrieren til Keith Jarrett er truleg over etter to hjerneslag.
Pianistkarrieren til Keith Jarrett er truleg over etter to hjerneslag.
Publisert

I eit intervju med Nate Chinen i New York Times 21. oktober stadfesta Keith Jarrett at han truleg er ferdig som utøvande musikar. Eit slag i februar 2018 og eit nytt tre månader seinare har lamma venstresida, slik at ein legendarisk pianokarriere er over.

For ei veke sidan kom Budapest Concert med opptak frå den første konserten han gjorde på ein to vekers solopianoturné i juli 2016. Avslutningskonserten på denne turneen, Munich 2016, kom ut i november 2019.

Jarrett i toppform

Jarrett var inne på å kalla denne utgjevinga for «The Gold Standard». Han ville ikkje ha teke munnen for full. Dette er rett og slett ein og ein halv time med Jarrett i toppform. Han er innom alt av stilar og uttrykk i ein suiteliknande struktur i tolv delar. Han avsluttar med standardane «It’s A Lonesome Old Town» og «Answer Me, (My Love)». Medan førstnemnde har ei tolking for historiebøkene på München-plata, har sistnemnde same status på denne utgjevinga.

Fritonal oskorei

Jarrett har ungarsk familiebakgrunn på morssida. Konserten vart halden i Béla Bartók National Concert Hall. Det låg til rette for at det skulle bli ein spesiell konsert.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement