Eit eige rom
William Doyle tek oss med til ei tenårstid i ein britisk forstad.
William Doyle har gjeve ut det første soloalbumet sitt.
Foto: Matt Colquhoun
Hugsar du utsikta frå rommet ditt i tenåra? Eg tippar dei fleste vil svare ja til spørsmålet, og eit bilete vil teikne seg ganske raskt, av bygningar, landskap, stemningar som søv i ein og berre ventar på å la seg vekkje, alt ramma inn av vindauget ein såg ut av, i møte med ei verd som var ny kvar dag.
Grunntonen
Eit slikt bilete dannar grunntonen på William Doyles nye album Your Wilderness Revisited. I ein kort omtale av plata skriv artisten sjølv at prosjektet har teke form i han over ein periode på ti år: «Då eg forlét forstaden eg budde i gjennom tenåra, tok eg til å tenkje på og leggje merke til påverknaden han hadde hatt på meg, på arbeidet mitt og på mi eiga utvikling som menneske.
Arkitekturen og byplanlegginga i den moderne britiske forstaden har forma denne plata like så mykje som opplevingane og kjenslene eg tilskreiv dette landskapet i formative år.»
Somme lesarar vil kjenne Doyle frå bandprosjektet East India Youth. Your Wilderness Revisited er det første albumet han gir ut under eige namn. Før vi har høyrt éin tone, veit vi altså eit og anna om prosjektet: Det har mykje å seie for Doyle, og er forankra i hans eiga livsforteljing, det er ambisiøst, og det er tydeleg konseptuelt orientert.
Mange lag
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.