Einøygd melankolikar
Copenhagen Piano Quartet oppvurderer komponisten Kuhlau.

Har du spelt piano eller tverrfløyte, har du kan hende vore borti Friedrich Kuhlau, som er mest kjend for teknisk overkommelege klaversonatinar og fløytekomposisjonar. Men han skreiv òg ambisiøs kammermusikk der pianisten får briljera, mellom dei tre klaverkvartettar, som dei unge musikarane i Copenhagen Piano Quartet dei siste åra har lyft fram i ljoset.
På det nyaste albumet deira får me to klaverkvartettar, den siste av danske Otto Malling (1848–1915), som gjennom bruken av hallingrytmar skaper ein distinkt nordisk tone. Men stykket eg her vil fokusera på, er Kuhlaus Klaverkvartett nr. 3 i g-moll, op. 108, som blei tinga av ein russisk storkjøpmann frå St. Petersburg i 1828. Copenhagen Piano Quartet bøter her på den utbreidde oppfatninga av Kuhlau som komponist for amatørar. For sjølv om ein merkar sterk påverknad frå Mozart og Beethoven, har kvartetten fine særdrag.
Gullalderkomponist
Kuhlau var den fremste musikaren i «den danske gullalderen», som danskane kallar fyrste helvta av 1800-talet. Han blei fødd i den tyske hansabyen Uelzen i Niedersachsen, der han var uheldig og sklei på isen. Flaska som han bar på, blei knust og stakk ut det høgre auga hans. For å unngå tvangsutskriving til Napoleons hær i 1810 flykta han til København, der Fredrik VI av Danmark-Noreg heidra han med tittelen «kongeleg kammermusikus».
Heilt til rette synest han likevel aldri å ha funne seg. Dansk lærte han seg aldri. Flaska skulle ikkje berre koma til å kosta han auga, men òg nervane, for med åra auka alkoholproblema hans. Året før han døydde, 45 år gamal, brann huset hans ned til grunnen, og med det forsvann notearkivet og slik mykje av livsverket. Som vestlending klarer eg ikkje å la vera å tenkja på lagnaden til Geirr Tveitt, som opplevde det same då heimegarden brann i 1970.
Rik sonatesatsform
Kuhlaus klaverkvartett (for fiolin, bratsj, cello og klaver) er eit ambisiøst verk på mest 40 minuttar. Fyrste- og sistesatsen er i den tredelte forma me kallar sonatesats: Fyrst er det ein eksposisjon med to kontrasterande musikalske tema, så ein gjennomføringsdel der det tematiske materialet blir omarbeidd, og til slutt ein reprise av eksposisjonen.
Særleg interessant er den rikhaldige fyrstesatsen «Allegro con molto fuoco», som ensemblet spelar med eggjande eldhug. Hovudtemaet er ein himmelstormande fanfare i unisono, der alle instrumenta spelar same melodi, før klaveret tek over med ein tunglyndt ornamentert mollmelodi. Det lyriske sidetemaet i dur har noko av elegansen Grieg førti år seinare synte i A-mollkonserten. Også her dominerer klaveret, som pianisten Neel Bramsnæs Teilmann verkeleg får til å syngja. Eg har ikkje noka innspeling å jamføra med. Men at kvartetten kan gjerast betre enn det Copenhagen Piano Quartet presterer på denne plata, tvilar eg på.