Ein stad med deg

Adrianne Lenker har teke ein pause frå Big Thief og laga to plater heilt åleine.

Adrienne Lenker kjem frå Indianapolis og er kan hende mest kjend som vokalist og gitarist i bandet Big Thief.
Adrienne Lenker kjem frå Indianapolis og er kan hende mest kjend som vokalist og gitarist i bandet Big Thief.
Publisert

Rock

Frå tid til anna munnar ein song ut i eit ønske, og det vert ståande att og dirre i lufta, som ein ettertanke, slik tilfellet er med «dragon eyes», den nest siste songen på Adrianne Lenkers nye album Songs: «I just want a place with you/ I just want a place

Lenker plukkar på ein akustisk gitar og leverer orda med varsemd, og han etterlèt seg ei tvitydig kjensle av lengten etter tilhøyrsle – ikkje berre etter å vere saman, men kanskje like mykje etter staden der ein er saman. Songen har ein særleg resonans i desse dagar, av openberre grunnar.

Somme lesarar vil kjenne Lenker som ein av fire medlemmar i Big Thief, det Brooklyn-baserte indiebandet som kom saman i løpet av musikkstudiar ved Berklee College of Music, albumdebuterte med Masterpiece (2016), og har halde eit høgt aktivitetsnivå sidan – fjerdeplata Two Hands kom ut for ganske nøyaktig eit år sidan.

Virusfast

Då bandet var på turné i vår, måtte dei avbryte på grunn av det evinnelege viruset, og Lenker enda opp isolert i ei lita hytte, der ho brått var ganske så overlaten til seg sjølv. Teknikar Philip Weinrobe hjelpte henne med å gjere det eine rommet ho hadde, om til eit enkelt studio, og arbeidet med det som skulle verte Songs og Instrumentals tok til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement