JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Ein stad med deg

Adrianne Lenker har teke ein pause frå Big Thief og laga to plater heilt åleine.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Adrienne Lenker kjem frå Indianapolis og er kan hende mest kjend som vokalist og gitarist i bandet Big Thief.

Pressefoto

3200
20201023
3200
20201023

Rock

Adrianne Lenker:

Songs

4AD / Playground

Rock

Adrianne Lenker:

Instrumentals

4AD / Playground

Frå tid til anna munnar ein song ut i eit ønske, og det vert ståande att og dirre i lufta, som ein ettertanke, slik tilfellet er med «dragon eyes», den nest siste songen på Adrianne Lenkers nye album Songs: «I just want a place with you/ I just want a place

Lenker plukkar på ein akustisk gitar og leverer orda med varsemd, og han etterlèt seg ei tvitydig kjensle av lengten etter tilhøyrsle – ikkje berre etter å vere saman, men kanskje like mykje etter staden der ein er saman. Songen har ein særleg resonans i desse dagar, av openberre grunnar.

Somme lesarar vil kjenne Lenker som ein av fire medlemmar i Big Thief, det Brooklyn-baserte indiebandet som kom saman i løpet av musikkstudiar ved Berklee College of Music, albumdebuterte med Masterpiece (2016), og har halde eit høgt aktivitetsnivå sidan – fjerdeplata Two Hands kom ut for ganske nøyaktig eit år sidan.

Virusfast

Då bandet var på turné i vår, måtte dei avbryte på grunn av det evinnelege viruset, og Lenker enda opp isolert i ei lita hytte, der ho brått var ganske så overlaten til seg sjølv. Teknikar Philip Weinrobe hjelpte henne med å gjere det eine rommet ho hadde, om til eit enkelt studio, og arbeidet med det som skulle verte Songs og Instrumentals tok til.

Det første lyttaren vil merke seg med dei to platene, er at dei tek vare på den nære stemninga dei vart til i. Den kviskrande, akustiske vellyden inviterer lyttaren inn i eit lite landskap, omgitt av eit større rett utanfor døra, nemleg eit fjellområde i New England. Eg les med forbløffing at opptaka er heilanaloge, eit estetisk val med ei rekkje medfølgjande utfordringar det nærast er vanskeleg å tenkje seg i vår heildigitale tid, der knapt nokon kreativ prosess (eller annan prosess, for den del) ikkje omfattar ein flimrande skjerm.

Dette har noko å seie for lyden på Songs og Instrumentals, men også for sjølve arbeidet med å gi musikken form. Alt musikken har, og til sjuande og sist treng, er Lenker og ein åttespors opptakar.

Intimt

Det er ein klisjé, men det er likevel ikkje til å komme utanom at lyttaren kjenner seg invitert rett inn i Lenkers rom. Kjensla av at dette er ei personleg utgiving vert berre forsterka av omslagskunsten, to måleri av bestemor hennar, Diane Lee, og det faktum at fleire av låtane på Songs med ope hjarte sirklar rundt eit kjærleiksbrot.

I denne intense nærleiken ligg styrken, men også ei naturleg avgrensing, for desse svært fokuserte platene er kompromisslaust intime og har også noko intendert lukka over seg, som gjer at eg vil tru somme lyttarar vil finne dei lett klaustrofobiske, og miste tolmodet, særleg med dei to lange spora på Instrumentals. Kanskje er også dette grunnen til at platene for denne lyttaren for alltid vil bere i seg eit minne om pandemitida. Musikken er nær, og på sitt vis vernebudd, og kjem til oss frå eit menneske som har spissa kreativiteten i brå isolasjon, og som gir uttrykk for lengten etter ein stad å vere saman.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn
Håvard Rem

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

UtanriksSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Ein lang marsj mot idiotveldet

NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB

KommentarSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Politikk i grenseland

Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis