Musikk
Ein saumlaus meditasjon
Eternal Recurrence er ei håpefull plate.
Den armenskætta amerikanske artisten Angel Deradoorian, kjend for samarbeid med mellom andre Flying Lotus og Dirty Projectors, gav ut debutalbumet som soloartist i 2015. Expanding Flower Planet fusjonerte indie, verdsmusikk og 60-talsaktig psykedelisk rock med islett av elektronika og kunne minne litt om 60-talsduoen Silver Apples.
Der mykje av musikken på Expanding Flower Planet var basert på heftig rytmikk, er Eternal Recurrence ein musikalsk meditasjon med mange pusterom. Musikken sklir saumlaust av garde frå song til song, frå start til slutt: Dei tre første spora tar form av svevande lydteppe med mantraliknande vokalbruk og bardunaktige akkompagnement, luftige fløyter og bjølleklang. Her finst ingen trommer, men desto fleire bjøller, gongar og cymbal. Tredjesporet «Ausar Temple» er laga berre med slik metallisk perkusjon, før vi flyt vidare gjennom dei tre siste spora som er songar av det meir fengjande slaget, lette å syngje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.