JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Ein ny plass å vere frå

Phoebe Bridgers får det keisame og triste til å høyrest spanande og vakkert ut.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Phoebe Bridgers har gjeve ut ei av dei beste platene i år, meiner Øyvind Vågnes.

Pressefoto

3284
20200619
3284
20200619

Rock

Phoebe
Bridgers:

Punisher

Secretly Group/Playground

«Tre klikk og eg er heime», syng Phoebe Bridgers i «I Know The End», ei nær skildring av konfliktfylt heimlengt. Frå ein eller annan lite sjarmerande del av Texas tillèt artisten seg å late att auga og fantasere seg bort. Og når ho ein gong kjem heim, syng ho, kjem det til å ende som det brukar: «I’ll get up and lay back down/ Romanticize the quiet life/ There’s no place like my room.»

Songen er mindre enn tre klikk unna om du vil ta ein lytt, for Bridgers framførte ein fin versjon på Pitchforks Instagram i april, nett frå sitt eige rom, med ei potteplante hengande i bakgrunnen. «I’ll find a new place to be from», heiter det mot slutten av songen, som fekk preg av å tone ut i ei tid der kollektiv isolasjon sette sitt avtrykk på alt.

Framifrå låtskrivar

«I Know The End» er utstyrt med ein verkeleg utsøkt tekst, og etter å ha lytta til Punisher, det nye albumet songen høyrer heime på, har eg forstått at Bridgers rett og slett er ein av sin generasjons fremste låtskrivarar. I eit større portrettintervju den framifrå musikkskribenten Amanda Petrusich gjorde med henne for The New Yorker i mai, fortel Bridgers kor hardt ho arbeider med kvart ord og kvar line: «I tweak lyrics a million times.» Det er ein kvalitet som også har gitt artisten stor integritet hos kollegaer det er naturleg å samanlikne henne med. Til Petrusich fortel Matt Berninger i The National at han meiner Bridgers skriv svært godt «om det keisame og triste», som ho får til å høyrest «spanande og vakkert ut». Det er godt sagt.

Stranger In The Alps, debutplata til Bridgers, kom ut i 2017, og i åra som har følgt, har fleire og fleire oppdaga henne, anten som soloartist eller i to viktige samarbeid, nemleg EP-plata Boygenius (2018), som ho laga saman med Julien Baker og Lucy Dacus, og Better Oblivion Community Center, albumet ho i fjor gav ut saman med Conor Oberst.

Musikkhistorie

Det overraskar ikkje at erfaringane frå desse tre utgivingane spelar ei viktig rolle for korleis også Punisher høyrest ut. Både Baker, Dacus og Oberst dukkar opp, og det same gjer musikarane i Bridgers’ band: Marshall Vore (trommer), Harrison Whitford (gitar), Emily Retsas (bass) og Nick White (piano). Med er også folk som Blake Mills, veterantrommis Jim Keltner og Nathaniel Walcott (Bright Eyes) på blåsarar.

Punisher vart til i studioet Sound City, som ligg i det ein må kunne kalle eit musikkhistorisk nabolag i Los Angeles, Van Nuys, der plater som Neil Youngs After the Gold Rush (1970), Fleetwood Macs Fleetwood Mac (1968) og Nirvanas Nevermind (1991) er laga – og, som Petrusich skriv i intervjuet med Bridgers, kan ein høyre ekko av alle tre på Punisher: det melankolske hos Young, det melodiøse hos Fleetwood Mac, det ufiltrert råe hos Nirvana.

Idet «I Know The End», som er det avsluttande sporet, der både Baker, Dacus, Oberst og Walcott er med, tonar ut, med godt trykk i blåsarane til sistnemnde, kjennest det som ein fanfare, som eit utropsteikn, for eg sit att med eit knippe songar som summar i meg, og veit at det eg har høyrt, er ei av årets beste plater.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis