Ein eigen poesi
Bunken med ny norskspråkleg musikk vitnar om breidde og variasjon.
Silja Sol relanserer albumet, som kom ut i vår, på vinyl.
Foto:
Då Jarle Bernhoft gjesta Øystein Greni i radioprogrammet Grenitimen for eit par veker sidan, vedgjekk han at han hata å synge på norsk. Han kunne ikkje få lovprist andre artistar som skreiv og song på norsk, som Frida Ånnevik, nok – det var berre det at han sjølv ikkje fekk det til å høyrest bra ut, meinte han.
Eit jamt tilskot av norskspråkleg pop og rock kan ein ikkje ta for gitt, ikkje minst når daglegspråket vert stadig meir anglifisert, og når engelsk dominerer det globale hitmaskineriet. Likevel verkar ikkje popmusikken (i vid forstand) meir prega av avnorsking enn til dømes næringsliv og akademia – tvert om er den norskspråklege nyvinninga ein ser særleg i hiphopen (Karpe, Cezinando), vital.
Relansert Sol
Ein septemberkveld i 2020 stadfestar bunken med ny, norskspråkleg musikk eg har fått i hus, både breidde og variasjon, generasjonelt, sjangermessig og ikkje minst dialektalt. Mest speletid i det siste har Silja Sol fått, med På ekte (Apollon Records), som eigentleg kom ut rett før samfunnet stengde ned i midten av mars, men som no vert relansert med vinylutgåve.
Silja Sol har kombinert ein solokarriere med å spele i bandet til Aurora Aksnes, og platene På hjertet (2014), Væremeh (2016) og Ni liv (2017) – sistnemnde fekk ein Spellemannpris – har gitt henne stadig fleire lyttarar.
Også På ekte byr på melodiøs synthpop med emosjonell kompleksitet, framført på klingande bergensk. Metoden er som med Ni liv: Fredrik Vogsborg (Casiokids, The Megaphonic Thrift) sender artisten instrumentalskisser, Silja Sol tilfører melodi og tekst, og samarbeidet tek til.
Frå tid til anna kan assosiasjonane gå i retning av klassisk synthpop à la Pet Shop Boys («Frodig»), og når vi får nok klang på vokalen, er det freistande å leite fram eit ord som «drøymepop» («Hatten»). Eit gitarriff på ein og annan song («Hultertilbult», «Merkelig») medverkar til å skape variasjon i uttrykket.
På ekte sirklar ofte inn det trasige, der «alt er feil og det er på vrangen» («Ingen lek»), utan at musikken nokon gong blir trasig. Tekstane er leikne i utforskinga av popmetaforar, anten det dreier seg om å finne seg i ein utsett posisjon eller å leite etter ein utveg. Silja Sol er god på spelet mellom stillstand og rørsle, på kjensla av å gå seg fast i ein evig ring, eller å klatre ut av hovudet, medan «det danser i blodet», og «kroppen står igjen på bakken» («Klatrer»). Fine, avsluttande «Nøytralisert» munnar ut i ei slags forsoning, men berre med det å leve med det uavklarte.
Dialektar
Fint har det også vore å lytte til ny musikk frå Arild Hammerø og fullengdaren Lerret (Little Birdie/Musikkoperatørene), som med sin tette og omfangsrike lydproduksjon rommar både progrock og virtuos folk, tre instrumentalspor og tekstar framførte på nordmørsk («I drømte du var her...»). Følgjer vi målet berre litt sørvestover, til mine gamle heimtrakter, kjem vi til Maria Vatnehol, som syng på sunnmørsk og er aktuell med fem songar samla på enkelt og greitt titulerte EP (sjølvutgitt), spelt inn i Ocean Sound på Giske. I Vatnehols tilsynelatande lettbeinte visepop anar vi dei store og små avstandane som oppstår mellom menneske, anten dei ønskjer det slik eller ei, intense mellomrom som det likevel ikkje alltid er like lett å få auge på.
Det å synge på dialekt er ein sterk identitetsmarkør for ein låtskrivar, og det er forvalta med imponerande tyngd over ei årrekkje av ein veteran som Odd Nordstoga, som er aktuell med Fatig ferdamann (HES). Knallåten «Min eigen poesi» seier det så godt som det kan verte sagt – det finst eit landskap ein kjenner, og høyrer til i, og det er rikt nok til at ein kan dikte om det heile livet, med truverd og nerve, i det språket som no eingong er eins eige.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.
Foto: Chess.com
Skandaleduellen
«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.