Ei sterk kjensle av tid

Bob Dylan har alltid vore for dei særskilt interesserte. Det er han ikkje åleine om, men det uvanlege med Dylan er at det er så mange av dei.

Bob Dylan under ein konsert i Carhaix i Frankrike sumaren 2012.
Bob Dylan under ein konsert i Carhaix i Frankrike sumaren 2012.
Publisert

11.000 gav ein tusenlapp for å oppleva den snart åtti år gamle songpoeten utandørs ein regntung laurdagskveld i Bergen. Kvifor? Når ein diktar syner at lesaren ikkje er åleine om den indre verda si, kan litteratur få han til å kjenna seg meir komfortabel med å vera utskot. I snart seksti år har songane til Dylan verka slik. Som ung prega han ei tid som dyrka utskota, då unge tok brodden av den nedsetjande freak-nemninga ved å nytta henne om seg sjølve.

Det tynnest i rekkjene av dei tynnhåra, ein gong langhåra, som vart hekta alt i 1960-åra, men mange av dei er på konserten. Eg vert audmjuk i møte med 75-åringar som i tenåra ikkje vart råka av Beatles og Stones, men av ein eksentrikar som Dylan og ein song som «Ballad of a Thin Man» (1965):


You hand in your ticket
And you go watch the geek
Who immediately walks up to you
When he hears you speak
And says, «How does it feel
To be such a freak?»

I Bergen får me høyra «Like a Rolling Stone» frå same år, ein song som gav namn til det leiande musikktidsskriftet i verda, eit blad som for få år sidan kåra songen til den mest innverknadsrike gjennom tidene, med ein lyrikk som endra viset Beatles og Stones skreiv songtekstar på.

«Eg pla bry meg»

Konserten byrjar med at Dylan for nær tusende (957.) gong spelar det faste opningsnummeret «Things Have Changed». Songen er frå dette tusenåret, men refrenget trekkjer ei line frå august 1963 til juni 2019, frå dei 250.000 i Washington som høyrde Martin Luther Kings I Have a Dream-tale og 22-årige Bob Dylans «Blowin’ in the Wind» – omtala som tidenes protestsong – til dei 11.000 i Bompenge-Bergen som mot slutten skal klappa seg til «Blowin’ in the Wind» som ekstranummer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement