Ei kasse Frida Ånnevik
Joni Mitchell-prosjektet til Anja Lauvdal har blitt ein festivalslager.
Ei av Frida Ånneviks tolkingar av Joni Mitchell var høgdepunktet for Lars Mossefinn.
Foto: Tommy Neverdal
I 2018 utfordra Oslo Jazzfestival pianisten Anja Lauvdal til å setja saman eit band og arrangera låtar frå katalogen til Joni Mitchell. Det som seinare har skjedd, har vore ein kunstnarleg opptur av dei sjeldne.
Konseptet er blitt ein slager på festivalane. Til Sildajazz mønstra Lauvdal dei fire vokalistane Frida Ånnevik, Sondre Lerche, Susanna Wallumrød og Marianna Sangita Angeletaki Røe. I bandet elles var Harald Lassen (saksofonar og fløyte), Torstein Lavik Larsen (trompet), Christian Winther (gitar), Magnus Nergaard (bass) og Hans Hulbækmo (trommer, perkusjon og vibrafon).
Raskt tempo
Etter ein trompetintro og ein særs inspirert sakssolo fullførte Susanna Wallumrød ein ganske uptempo versjon av «This Flight Tonight», før Røe følgde opp med «Cherokee Louise». Etter ein fløyteintro som knapt kan kallast ei kompispasning, kom Wallumrød presist inn og gjennomførte «All I Want» i eit krevjande raskt tempo.
Røe fekk også ei utfordring i «The Dry Cleaner from Des Moines» der arrangementet og melodilina var i konstant basketak, og for Røe må det ha vore som å symja i kvitt vatn, men tommelen opp til henne, for det funka på sitt underlege vis.
Sondre Lerche leverte på sitt beste i «The Sire of Sorrow», men var også sjarmerande i «My Secret Place» i duett med Røe. Wallumrød hadde ein sentral plass denne kvelden. Ho var på heimebane i «Little Green» og leidde på fantastisk vis an i det flotte vokalarrangementet av «Shadows and Light».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.