Ei hylling av sjøfolkaTrioen har gjort det til ein kunst å halda tilbake.JazzArve Henriksen/Eivind Aarset/Jan Bang:
Trioen har gjort det til ein kunst å halda tilbake.
Dette er opphavleg eit tingingsverk frå Hull i samband med at byen var britisk kulturhovudstad i 2017. Musikken fekk publikum oppleva på ei vandring over Humberbrua, som med sine 2220 meter er den fjerde lengste hengebrua i verda. Så populært var tiltaket at tilskiparane måtte utvida bruvandringsperioden med to månader. Til slutt hadde 15.000 teke lydvandringa.
Maritimt
Musikken er komponert av dei fire i lag, og Alexander Waaktaar har skrive orkesterarrangementa. På låten «Come April» har dei også sampla utdrag frå Henrik Hellstenius’ Sera. Verket er ei hylling til sjøfartsbanda mellom Hull og Norden. Feltopptaka til French smeltar saman med Aarsets elektronikk, og Bangs sampling og programmering gjev assosiasjonar til maritimt miljø i skiftande epokar. Oppå dette fundamentet svevar dei eteriske og tidlause melodilinjene til Henriksen. Orkester- og korsekvensane flettar seg fint inn, ofte nesten umerkande i byrjinga. Waaktaar skal ha ros for å ha skrive hand-i-hanske arrangement. (Berre i byrjinga av «Pink Cherry Trees» tek klisjeane nakketak på han.)
Grenselaust
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.