Eg vil døy lukkeleg
Sufjan Stevens er tilbake med åndeleg lengt, synth og trommemaskiner.
Sufjan Stevens flytta til fjells med datamaskinen, ein Prophet-synth og ein trommemaskin. Det vart det musikk av.
Pressefoto
«My love, I have lost my faith in everything», heiter det i første line i det svalande fjerdesporet på Sufjan Stevens’ nye plate: «Tell me you love me». Lengten etter ein helande transformasjon er grunnmotivet på eit album som utfaldar seg mot eit bakteppe av samfunnsforfall, poengtert skildra i førstesingelen «America».
The Ascension følgjer opp Carrie & Lowell (2015), oppkalla etter mor og stefar til artisten – ei av dei sterkaste platene hans, ein dempa og sparsam songsyklus der Stevens sørgde over tapet av mora og løfta fram nokre tunge minne frå ein barndom prega av problema ho sleit med. I eit intervju med musikkbladet Mojo kjem det fram at han no, nokre år seinare, tenkjer at dei utleverande songane han laga den gongen, vart for sjølvoppslukte, at dei munna ut i ein katarsis som kasta skugge over menneska og relasjonane han song om.
Nytt terreng
The Ascension er utstyrt med eit nytt kart for eit nytt indre terreng. I intervjuet med Mojo fortel Stevens at han har flytta nordover i staten New York, frå Brooklyn og opp i fjella, der han puslar med sitt, og min santen driv med hagebruk som avveksling. Tilbaketrekkinga verkar som ein popkulturell klisjé, men representerer ei livsvending som er ekte nok for artisten sjølv og etterlèt seg eit sterkt avtrykk i dei nye songane.
At dei nye songane ligg nærare elektronikaen på The Age of Adz (2010) i uttrykket enn det vi fekk høyre frå den såre trubaduren på Carrie & Lowell, er det likevel, ifølgje Stevens, pragmatiske grunnar til, snarare enn ein bakanforliggande estetisk strategi. Ein renovasjon av studioet han leigde, førte til at alt han hadde av instrument, vart sett bort i eit lager. Med seg opp i fjella hadde han datamaskinen, ein Prophet-synth og ein trommemaskin, og det var alt han trong.
Friksjon
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.