Eg gjekk ein tur på stien

Sarah Louise lagar naturnær ny-americana.

Sarah Louise lagar musikk for å kome i kontakt med jorda, seier ho.
Sarah Louise lagar musikk for å kome i kontakt med jorda, seier ho.
Publisert

Eit sanseleg estetisk uttrykk kan skildre det sanselege på ein heilt eigen måte, slik tilfellet er med Sarah Louises nye plate Earth Bow, der lydane vi høyrer, kvervlar fram assosiasjonar til lukter, smakar, syn og ikkje minst til det taktile, kort sagt til korleis det kjennest å vere til, i heilt særskilde omgivnader.

Earth Bow rommar to platesidelange suitar der fem songar er samanvovne i kvar, og grensene mellom dei ulike komposisjonane er i rørsle. Slik får musikken noko viltveksande over seg, ein metaforbruk dette albumet saktens sjølv inviterer til, for Sarah Louise plasserer oss midt i naturen i ein slags ekstatisk, meditativ tilstand der lukta av graset og suset frå elva manar fram ei sterk kjensle av tilhøyrsle.

Fascinerande

Om vi då skal hente fram det noko slitne uttrykket «organisk» for å skildre det vi lyttar til, bør vi straks skyte inn at dette er eit album bada i elektrisitet, for side om side med akustiske gitarar, fløyter og naturlydar (med opptak av både ugler og froskar) er synthbruken markant, og det same er det virtuose elektriske gitarspelet, begge ved Sarah Louise sjølv, som har gjort det aller meste på Earth Bow, inkludert ein del sampling. Musikken er bygd lag for lag, men høyrest likevel levande og spontan ut.

Kombinasjonen av desse elementa gjer utgivinga til ei av vårens mest fascinerande plater, ikkje minst på grunn av den heilt særeigne, nye varianten av americana, ei sjangernemning somme kanskje vil finne overraskande ved første lytt, men som likevel har vorte brukt av både artist og kritikarar av gode grunnar.

Earth Bow er nyskapande americana, der ikkje minst ambient-impulsane er særleg markante. Dei siste månadene har slike sjangeroverskridande rørsler i eit produktivt grenseland gjort seg gjeldande på fleire nokså ulike utgivingar på ymse vis, også på plater eg har skrive om på desse sidene ganske nyleg, frå artistar som Cassandra Jenkins, Karima Walker, Cory Hanson og Chuck Johnson.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement