Eg gjekk ein tur på stien
Sarah Louise lagar naturnær ny-americana.
Sarah Louise lagar musikk for å kome i kontakt med jorda, seier ho.
Pressefoto
Americana
Sarah
Louise:
Earth Bow
Sjølvutgitt / Bandcamp
Eit sanseleg estetisk uttrykk kan skildre det sanselege på ein heilt eigen måte, slik tilfellet er med Sarah Louises nye plate Earth Bow, der lydane vi høyrer, kvervlar fram assosiasjonar til lukter, smakar, syn og ikkje minst til det taktile, kort sagt til korleis det kjennest å vere til, i heilt særskilde omgivnader.
Earth Bow rommar to platesidelange suitar der fem songar er samanvovne i kvar, og grensene mellom dei ulike komposisjonane er i rørsle. Slik får musikken noko viltveksande over seg, ein metaforbruk dette albumet saktens sjølv inviterer til, for Sarah Louise plasserer oss midt i naturen i ein slags ekstatisk, meditativ tilstand der lukta av graset og suset frå elva manar fram ei sterk kjensle av tilhøyrsle.
Fascinerande
Om vi då skal hente fram det noko slitne uttrykket «organisk» for å skildre det vi lyttar til, bør vi straks skyte inn at dette er eit album bada i elektrisitet, for side om side med akustiske gitarar, fløyter og naturlydar (med opptak av både ugler og froskar) er synthbruken markant, og det same er det virtuose elektriske gitarspelet, begge ved Sarah Louise sjølv, som har gjort det aller meste på Earth Bow, inkludert ein del sampling. Musikken er bygd lag for lag, men høyrest likevel levande og spontan ut.
Kombinasjonen av desse elementa gjer utgivinga til ei av vårens mest fascinerande plater, ikkje minst på grunn av den heilt særeigne, nye varianten av americana, ei sjangernemning somme kanskje vil finne overraskande ved første lytt, men som likevel har vorte brukt av både artist og kritikarar av gode grunnar.
Earth Bow er nyskapande americana, der ikkje minst ambient-impulsane er særleg markante. Dei siste månadene har slike sjangeroverskridande rørsler i eit produktivt grenseland gjort seg gjeldande på fleire nokså ulike utgivingar på ymse vis, også på plater eg har skrive om på desse sidene ganske nyleg, frå artistar som Cassandra Jenkins, Karima Walker, Cory Hanson og Chuck Johnson.
Ambient og americana
Tendensen vart utforska i ein reportasje i maiutgåva av musikkbladet Uncut, som også baud på ein medfølgjande CD, Ambient Americana, der Sarah Louise var med, og Earth Bow stadfestar då også kvifor ho høyrde heime der.
Koplinga mellom ambient og americana er ikkje noko nytt, men har snarare historisk forankring i til dømes samarbeidet mellom Brian Eno og Daniel Lanois, eller i ei utgiving som Harold Budds The Serpent (In Quicksilver) (1981), ein tradisjon Earth Bow no skriv seg inn i.
Som vokalist kan Sarah Louise minne om både Patti Smith og Emmylou Harris, kor usannsynleg det enn måtte høyrast ut (lytt sjølv, så skjønar du kva eg meiner). Til same tid går tankane tidt og ofte uunngåeleg til nett Eno, tidvis til Laurie Anderson (og, om ikkje så ofte, til Julia Holters kunstpop). Sist, men slett ikkje minst, er Sarah Louise ein utruleg spennande gitarist, med eit uttrykk som kan minne om det lesarar vil kjenne frå Robert Fripps spel – det er som om ho brukar instrumentet til å klatre rundt i sine eigne komposisjonar, som ein edderkopp i den intrikate veven som er Earth Bow.
Kanskje finst det også eit og anna ekko av poeten Walt Whitman (1819–1892) i denne musikken, i alle fall for akkurat denne lyttaren, for den sentrale gesten her er omfamninga, ikkje berre av det som omgir ein, men som ein er ein del av, der ein ligg, i mosen under eika. Slik rommar også Earth Bow ein forpliktande etikk for vår tid, denne gongen artikulert som inderleg undring, snarare enn åtvaring eller elegi. Du skal ikkje sjå bort frå at du vil pakke sekken og komme deg ut ein tur når du er ferdig med å lytte.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Rosa rullar av gris – men om skinka er ekte eller ikkje, er ikkje godt å seie ut frå eit bilete.
Foto: Pxhere.com
Kokt skinke
Ikkje eingong «ekte» er det det ein gong var.
Gunnhild Øyehaug har skrive bøker i mange sjangrar etter diktdebuten i 1998. Ho er også lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Foto: Helge Skodvin
Bulletinar frå ein medviten romanperson
Gunnhild Øyehaug skriv friskt og morosamt om draum og røynd i metaland.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.