Eg er i live
Nye songar frå Norah Jones.
Norah Jones har samarbeidd med lyrikaren Emily Fiskio på det nye albumet òg.
Pressefoto: Blue Note / Universal
Det er når det buttar som verst, og eit menneske løftar seg opp og seier «Eg er i live», at orda treffer hardast. Og det er ei slik utsegn som «I’m Alive», ein av songane på det nye albumet frå Norah Jones, munnar ut i.
Då har alt songen fortalt oss at orda kjem frå ein hardt prøva og utsett plass, for frasen «but she’s alive» har vist seg å vere tvitydig: Det kan innebere å sverje til livskraft, men også å erkjenne at ein er ein skugge av seg sjølv, at ein held seg oppe, men berre så vidt.
Mørk stemning
Dystre greier, med andre ord. Og i ei pressemelding forklarar Jones at passande titulerte Pick Me Up Off The Floor ikkje skortar på mørke stemningar. Men til same tid skildrar artisten korleis ei kollektiv, menneskeleg trong etter tilhøyrsle har motivert dei nye songane hennar – og uttrykkjer ei von om at dei skal verke oppløftande for lyttaren.
Det målet har ho nådd. Opphavet til albumet var ei økt med Brian Blade, Jones’ faste trommeslagar og ein av dei mest formidable musikarar i alle fall denne meldaren har sett på ein scene. Ulike samarbeid har i det heile stått sentralt i Jones’ karriere, og ho har orientert seg breitt mot ulike partnarar, med folk så forskjellige som Herbie Hancock, Wyclef Jean, Ryan Adams og Willie Nelson. Reisene har ført henne i mange ulike musikalske og geografiske retningar, men sidan tusenårsskiftet har hovudbasen vore New York.
Kanskje er det likevel i seinare år at det kunstnarlege møtet mellom to artistar som kan ha noko unikt å tilføre kvarandre, har stått særleg sentralt for Jones. Ho skreiv den lause, jazz-folkete «Were You Watching», ein av dei finaste songane på dette nye albumet, saman med lyrikaren Emily Fiskio, som plateselskapet også fortel har inspirert artisten til å skrive eigne dikt. Fiskio var også med på å skrive «Begin Again», tittellåten på albumet frå i fjor vår, der Jones arbeidde med folk som Thomas Bartlett og Jeff Tweedy, som begge var med som låtskrivarar, musikarar og produsentar. Sistnemnde er med også denne gongen, på nett «I’m Alive», på gitarar og bass, saman med sonen Spencer på trommer, og lydleg kunne songen fort ha funne ein plass på platene Tweedy har laga saman med til dømes Mavis Staples. Jones og Tweedy har dessutan skrive den ettertenksame balladen «Heaven Above» i lag. Her får vi ei påminning om kva fin pianist og elegant songar ho er.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.