Edderkoppforteljingar

Med Spider Songs grip Jake Blount tak i si eiga turbulente samtid.

Jake Blount er framifrå på banjo og fele, skriv Øyvind Vågnes.
Jake Blount er framifrå på banjo og fele, skriv Øyvind Vågnes.
Publisert Sist oppdatert

«Go the other way, Daniel». Slik er åtvaringa i «Move, Daniel», det heftige, medrivande femte sporet på Spider Tales, årets album frå Jake Blount. Slaven Daniel har stole kjøt, og for å åtvare han, slik at han slepp unna slaveeigarens piskeslag, pakkar slavane rundt han åtvaringa inn i ein song: «Move, Daniel!»

Slavehistorie

Forklaringa finst i introduksjonen til ei innspeling med The McIntosh County Shouters, på Slave Shout Songs from the Coast of Georgia (1984), og songen er eit døme på ring shout, musikkforma som fann vegen til USA frå Vest-Afrika med slaveskipa, der utrop (call and response) og sirkeldans utgjorde sentrale element.

Og no har låten altså funne vegen til Blounts nye album. Ved første lytting kan ein fort tru at Spider Tales er ei ganske rett fram, tradisjonstru utgiving, utan dei heilt store revisjonistiske faktene. Blount er framifrå på banjo og fele, og han utstyrer ikkje songane med meir enn det dei treng. Men går du djupare inn i albumet, teiknar det seg eit meir komplekst bilete.

Det er med songtradisjonen som med folkeeventyra: Somme gonger har motstanden i materialet vorte glatta ut og pynta på for å kunne gjere stoffet lettare fordøyeleg for eit større publikum. Utgangspunktet for Spider Tales har vore å rette på dette, og å vise at tradisjonen er langt rikare, og ikkje minst at fleire av forteljingane har ein særleg resonans for grupper som av ulike grunnar har vorte marginaliserte.

Intens lytteoppleving

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement