Edderkoppforteljingar
Med Spider Songs grip Jake Blount tak i si eiga turbulente samtid.
Jake Blount er framifrå på banjo og fele, skriv Øyvind Vågnes.
Foto: Heart Music
Americana
Jake Blount:
Spider Tales
Free Dirt Records
«Go the other way, Daniel». Slik er åtvaringa i «Move, Daniel», det heftige, medrivande femte sporet på Spider Tales, årets album frå Jake Blount. Slaven Daniel har stole kjøt, og for å åtvare han, slik at han slepp unna slaveeigarens piskeslag, pakkar slavane rundt han åtvaringa inn i ein song: «Move, Daniel!»
Slavehistorie
Forklaringa finst i introduksjonen til ei innspeling med The McIntosh County Shouters, på Slave Shout Songs from the Coast of Georgia (1984), og songen er eit døme på ring shout, musikkforma som fann vegen til USA frå Vest-Afrika med slaveskipa, der utrop (call and response) og sirkeldans utgjorde sentrale element.
Og no har låten altså funne vegen til Blounts nye album. Ved første lytting kan ein fort tru at Spider Tales er ei ganske rett fram, tradisjonstru utgiving, utan dei heilt store revisjonistiske faktene. Blount er framifrå på banjo og fele, og han utstyrer ikkje songane med meir enn det dei treng. Men går du djupare inn i albumet, teiknar det seg eit meir komplekst bilete.
Det er med songtradisjonen som med folkeeventyra: Somme gonger har motstanden i materialet vorte glatta ut og pynta på for å kunne gjere stoffet lettare fordøyeleg for eit større publikum. Utgangspunktet for Spider Tales har vore å rette på dette, og å vise at tradisjonen er langt rikare, og ikkje minst at fleire av forteljingane har ein særleg resonans for grupper som av ulike grunnar har vorte marginaliserte.
Intens lytteoppleving
Denne revisjonistiske gløden, som etter denne våren av openberre grunnar kjennest viktig og påtrengd, gjer Spider Tales til ei særleg intens lytteoppleving akkurat no. Prosjektet veks ut av artistens eigne erfaringar som mørkhuda LHBTQ-aktivist og må sjåast som ei levandegjering av det identitetspolitiske potensialet som ligg i tradisjonsmusikken – for den som er vaken nok til å kjenne det att. Om du lyttar til «Move, Daniel» mot eit slikt bakteppe, vil musikken som strøymer ut av høgtalarane, gripe tak og riste godt.
Låt etter låt på dette albumet har ein slik verknad. Ta songen «Mad Mama’s Blues», avsluttingssporet på Spider Tales, som Blount truleg har frå eit opptak Violet Mills laga i 1924, eit uttrykk for sinne og utmatting over valdeleg rasisme: «Wanna set the world on fire, that is my one mad desire/ I’m a devil in disguise, got murder in my eyes/ Now I could see blood runnin’ through the streets/ Could be everybody layin’ dead right at my feet».
Det er sørgeleg, men sant: Linene kunne ha vore skrivne den nordamerikanske våren 2020. Spider Tales byr på tidlaus musikk som samtidig har noko akutt over seg.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.