Musikk
Dystopisk da capo
Kongen av B-film speler gamle songar om att.
Filmmusikk
John Carpenter, som står bak klassiske 70- 80- og 90-tals kultfilmar som The Thing, Starman, Dark Star og Halloween, er ein filmskapar som konsekvent har jobba med låge budsjett. Dette er ein av grunnane til at han laga musikken til sine eigne filmar sjølv: Han er både billeg og effektiv, ifølgje han sjølv. Kvaliteten er ikkje dermed låg – snarare har det gitt filmane ein heilskap og eigenart som dei kan hende ikkje ville hatt dersom ein vanleg filmmusikkomponist sette den soniske stemninga.
Carpenters filmar frå etter tusenårsskiftet har i stor grad blitt lunke motteke, og dei siste åra har multikunstnaren fokusert meir eksklusivt på musikken. Dei to platene Lost Themes og Lost Themes II frå 2015 og 2016, laga i samarbeid med son og fadderbarn, blei marknadsført som lydspor til imaginære filmar, og fungerte framifrå reint musikalsk – iallfall for den som har sansen for klassisk science fiction og maktar å svelgje ein solid dose synthesizerestetikk i svulstig (men likevel minimalistisk) 80-talsstil.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.