Dystopisk bossa nova
Nytt album med tilhøyrande kortfilm frå Radiohead-vokalist.
Elektronisk musikk
Thom Yorke:
Anima
XL Recordings
Anima, den nye soloplata til Radiohead-vokalisten Thom Yorke, startar med eit smell. Dundrande elektroniske basstrommer rullar av garde som torevêr over eit flettverk av suggererande, technoaktige synthar, akustisk trommevisping og artistens sedvanleg spaksolide stemme som syng i kor med seg sjølv. Stemninga er dunkel og dyster, men samstundes drivande og medrivande, og slik fortset det heile denne framifrå plata gjennom. Femtesporet framstår kan hende som hakket meir oppstemt, med ein bortimot lystig bossa nova-beat, men så er tittelen trass alt «I Am A Very Rude Person».
Parallelt med platesleppet blei ein 15 minutt lang kortfilm, òg kalla Anima, sleppt på Netflix. I denne utvida musikkvideoen, regissert av Paul Thomas Anderson, som mellom anna er kjend for Magnolia, blir vi med Yorke på ein koreografert T-bane- og fottur gjennom halvt om halvt stilisert, urban scenografi og reell austeuropeisk storby. Det er noko rørande over samanstillinga av profesjonelle dansarar og Yorkes klumsete, Jacques Tati-aktige rørsler, og med dansegolv som svingar seg i samkvem med eller mot dansen, framstår det heile som ein tankevekkjande, kafkask slapsticktragikomedie.
Førre gong vi høyrde frå Thom Yorke var han òg filmatisk orientert, då han leverte lydsporet til fjorårets nyutgåve av skrekkfilmklassikaren Suspiria, som er ein halvvegs god – særleg nokre av dansescenene – og halvvegs elendig film, særleg den raudmussa splatteravslutninga. Heldigvis var musikken solid, og dette albumet er endå betre.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Elektronisk musikk
Thom Yorke:
Anima
XL Recordings
Anima, den nye soloplata til Radiohead-vokalisten Thom Yorke, startar med eit smell. Dundrande elektroniske basstrommer rullar av garde som torevêr over eit flettverk av suggererande, technoaktige synthar, akustisk trommevisping og artistens sedvanleg spaksolide stemme som syng i kor med seg sjølv. Stemninga er dunkel og dyster, men samstundes drivande og medrivande, og slik fortset det heile denne framifrå plata gjennom. Femtesporet framstår kan hende som hakket meir oppstemt, med ein bortimot lystig bossa nova-beat, men så er tittelen trass alt «I Am A Very Rude Person».
Parallelt med platesleppet blei ein 15 minutt lang kortfilm, òg kalla Anima, sleppt på Netflix. I denne utvida musikkvideoen, regissert av Paul Thomas Anderson, som mellom anna er kjend for Magnolia, blir vi med Yorke på ein koreografert T-bane- og fottur gjennom halvt om halvt stilisert, urban scenografi og reell austeuropeisk storby. Det er noko rørande over samanstillinga av profesjonelle dansarar og Yorkes klumsete, Jacques Tati-aktige rørsler, og med dansegolv som svingar seg i samkvem med eller mot dansen, framstår det heile som ein tankevekkjande, kafkask slapsticktragikomedie.
Førre gong vi høyrde frå Thom Yorke var han òg filmatisk orientert, då han leverte lydsporet til fjorårets nyutgåve av skrekkfilmklassikaren Suspiria, som er ein halvvegs god – særleg nokre av dansescenene – og halvvegs elendig film, særleg den raudmussa splatteravslutninga. Heldigvis var musikken solid, og dette albumet er endå betre.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.
President Joe Biden og visepresident Kamala Harris i august 2023. Den økonomiske politikken deira bidrog til å få ned arbeidsløysa, men inflasjonen som tok av i 2022, gjorde større inntrykk.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Harris blir heimsøkt av inflasjonen
Kanskje vart presidentvalet i USA 2024 avgjort ved bensinpumpene og i matbutikkane.
Noreg er på tredjeplass i kokainbruk i Europa.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
– Meiningslaust å straffe sjuke
Ronny Rene Raveen, tidlegare politimann og rusmisbrukar, vil ha avkriminalisering av rusmisbrukarar og unge opp til 25 år.