¿ Dylan går akustisk
Som «Murder Most Foul» i mars er den nye songen «I Contain Multitudes» eit slag attersyn med Bob Dylan før rocken tok han.
Lytt til artikkelen:
Tre veker etter at Bob Dylan gav ut songen «Murder Most Foul», kjem no ein til, «I Contain Multitudes» – dei to fyrste eigne songane han har gjeve ut sidan albumet Tempest i 2012. Kva er det med dei som leier tankane til den 23 år gamle songpoeten i 1964?
Få nolevande kunstnarar har som Bob Dylan gripe så rett inn i si tid og samhandla så aktivt med samtida. I dei snøgge stilskifta hans i 1960-åra var han som eit lite tannhjul som greip inn i eit større tannhjul, ungdomskulturen, som på si side dreidde i lag med det store tannhjulet, historia. Små hendingar fekk omgrepsstatus, som at han i 1965 skifta frå kassegitar til elgitar og «gjekk elektrisk».
Akustisk
Mindre merksemd har det fått at han kring 1964 synte litterær verksemd utover songane, med skriftdikt og prosatekstar, påverka av mellom andre fylgjesveinen og beatpoeten Allen Ginsberg (1926–1997), som i sin tur var påverka av Walt Whitman (1819–1892).
I dei to nye songane er det fleire teikn som tyder på at Dylan no utforskar ståstader i den førelektriske perioden i 1963–1964, både det akustiske uttrykket og det litterære universet. I same lei peikar hendingar frå dei åtte åra som har gått sidan sist han gav ut eigne songar: Han har spelt inn tre album med amerikanske songar frå før rocken, og han har motteke Nobelprisen i litteratur.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.