Drøym søtt

Sara Watkins har laga ei godnattplate for liten og stor.

Sara Watkins tolkar kjende songar.
Sara Watkins tolkar kjende songar.
Publisert

Eit fint minne frå oppveksten er at mor mi nynna med på songar frå radioen, og då ofte slike som ho hadde vore glad i sidan ho sjølv var lita. Frå tid til anna kan eg komme over ein av desse songane, og då skjer dette underlege som berre kan skje med musikk på akkurat den måten, ein tone kan trylle fram ein augneblink frå ei tid som no paradoksalt nok kjennest både nær og fjern.

Eg kom til å tenkje på dette då eg lytta til Under the Pepper Tree, den nye plata frå Sara Watkins, ei utgiving innretta mot å skape lytteglede på tvers av generasjonar. Watkins er ikkje eit nytt namn for meg. Eg skreiv om Young in All the Wrong Ways, den førre plata hennar, på desse sidene, då ho kom ut for fem år sidan.

Tittellåten, som også var førstesporet på den plata, slo inn i rommet og gjorde krav på merksemd, med si markering av sjølvstende og oppbrot. Eg kjem ikkje til å sitje bakpå sykkelen din lenger, song Watkins: «You’re not my future, it’s all in the past.» Det dreidde seg om ein slagkraftig kampsong for dei som treng å seie frå at det er nok no, og takk og farvel: «You remind me of the girl I was when I was young in all the wrong ways.» Du får prøve å smørje på brødskiva di sjølv, som Lynni Treekrem ein gong song.

Andre sider

Young in All the Wrong Ways var tredje studioalbumet frå Watkins, og musikk har ho drive med sidan ho var berre barnet, med bluegrassbandet Nickel Creek, som ho laga fleire plater med, fram til solokarrieren tok til i 2007. Med Under the Pepper Tree rettar ho blikket mot viktige musikkopplevingar frå eigen barndom og løftar fram songar som var viktige for henne då ho voks opp.

Der førre album var spist og tøft, dreier det seg denne gongen om eit heilt anna prosjekt som lèt Watkins vise fram andre sider ved seg sjølv. Under the Pepper Tree er ei nostalgisk utgiving, meint å vere mjuk og trøystande for lyttarar i alle aldrar, med songar ein nynnar for kvarandre når tida er kommen for å gå til ro for dagen. Artisten fortel i intervju at ho har særleg ønske om å nå fram til dei aller yngste lyttarane, med songar som i si tid nådde henne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement