Dømd sør og opp

Nilüfer Yanya leverer beintfram framifrå poprock.

Publisert

Miss Universe, er tittelen på debutalbumet til den britiske singer-songwriter-artisten Nilüfer Yanya. Yanya, fødd i 1996, byrja med å legge ut musikken sin på Soundcloud i 2014 og takka nei til eit tilbod om å bli med i eit One Direction-relatert jenteband, for heller å fokusere på sin eigen musikk. Godt er det, for det ville vore eit stort tap for verda om slik unik stemmeprakt og låtskrivarevne hadde blitt slukt av det hyperkommersielle popmaskineriet.

Medrivande

Albumet er strukturert rundt ein serie satiriske muzak- og spoken word-snuttar frå det fiktive byrået WWAY HEALTH, eit slags helseforsikrings- og sjølvhjelpsselskap frå det mørkaste, mest framandgjerande djupet av vår digitaliserte tidsalder. Innimellom dei uhyggjeleg velkjende, ventemusikkakkompagnerte og umenneskelege kundeservicehelvetesnuttane, kjem tolv beint fram framifrå, svært menneskelege poprocksongar som i den eine augneblunken minner om det beste med Pixies’ alternative rock, i den neste om den mest silkemjuke soul. Det heile er tvers gjennom medrivande og draumeaktig.

Høg kvalitet

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement