JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Disiplinerte energiutladingar

Moon Relay har spelt inn ei plate utan daudpunkt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2030
20181207
2030
20181207

Samtidsmusikk

Moon Relay:

Imi

Hubro

Den tredje plata til den norske kvartetten Moon Relay er sett saman av cirka sju minuttar lange instrumentalspor der ein kan merka impulsar frå bandmedlemenes mangfaldige røynsler frå dei meir eksperimentelle utgåvene av rock og jazz, men òg frå meir populære musikkformer som surf, disco og funk.

Rytmen er stram og effektiv og kan mange stader minna om trommemaskinar og technoestetikk, men her er alle instrumenta spelte på konvensjonelt vis. Det er nettopp den svært godt gjennomførte balansen mellom kraftfull energi og tilbakehalden presisjon som gjer denne musikken så suggererande. Låtane, som har titlar av typen «–#/#^», har ein jamn og kraftig beat i høgt tempo, oftast i dansbar 4/4-takt. Melodiane er bygde opp av korte riff snarare enn songbare melodiar, og sjølv om det er to gitaristar i bandet, er det aldri tale om virtuose improviserte gitarsoloar eller berrlegging av solistens kjensleliv. Eit anna element som pregar lydbiletet, er parti av støy, elektronisk og sampla klangflater som breier seg langsamt inn og ut over den hardslåande motorliknande framdrifta.

På mange måtar kan denne ekstremt disiplinerte og kraftfulle musikken minna om platene progrockbandet King Crimson laga frå 1981 og framover, då dei la om stilen frå det symfoniske og drøymeaktige til ein teknisk komplisert og disiplinert stil. Men der King Crimson dyrkar rytmisk kompleksitet og virtuos teknikk, er Moon Relay meir prega av post-punken og new wave-musikkens vektlegging av det enkle og effektive.

Og effektivt er dette: Det finst ikkje daudpunkt på plata – heller ikkje dei få og korte stillferdige partia, for dei er med på å gje plata ei heilskapleg form. Dette er eit uvanleg godt gjennomført prosjekt der høgenergi frå disco, techno og punk på underleg vis smeltar saman med samtidsmusikkens kontrollerte verktenking.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis