Digitale naturlydbilete
Yoshimuras naturlandskap er måla med syntetiske lydar.
Elektronisk
Hiroshi Yoshimura:
GREEN
Light In The Attic / Water Copy
Den japanske synthlegenda Hiroshi Yoshimuras (1940–2003) klassiske ambientalbum GREEN kom originalt ut i 1986, men fann først vegen til meg via tilrådingsalgoritmen til nettstaden Youtube for ei handfull år sidan. Ved hjelp av internett har albumet dei siste åra nådd ut til mange fleire, og no har plateselskapet Light In The Attic, som driv med nyutgjevingar av halvgløymde klassikarar frå mellom andre Lee Hazelwood, gjeve det ut på nytt i remastra utgåve – på vinyl i forskjellige fargar, CD, kassett og i digitale filformat.
Roande kjensle
Spor éin flyt fredsælt av garde, lik den bekken som tittelen «Creek» hintar om, og den roande kjensla av natur er det som albumet GREEN formidlar – etter kvart med glidande overgang til den kulturelle sfæren gjennom spor som «Street» og «Teevee».
Det er første gong den originale mixen blir gjeven ut utanfor Japan. Ein CD kom i si tid ut i USA, men han var krydra – eller kan hende snarare sulka til – med natursamplingar, til dømes av fuglekvitter.
Originalen
Dette originale lydbiletet er komponert utelukkande med lyden av Yoshimuras Yamaha-FM-synthesizerar. I likskap med artisten sjølv synest denne meldaren at denne versjonen er å føretrekke. Det kjennest reinare, både på det idémessige planet (når det kjem til formidling av (menneskeleg) natur via digital musikkteknologi) og musikalsk sett.
Dette er musikk som kan tilrådast på det varmaste som musikkspor til sumarferiering og andre avslappande tiltak.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar, kunstnar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Elektronisk
Hiroshi Yoshimura:
GREEN
Light In The Attic / Water Copy
Den japanske synthlegenda Hiroshi Yoshimuras (1940–2003) klassiske ambientalbum GREEN kom originalt ut i 1986, men fann først vegen til meg via tilrådingsalgoritmen til nettstaden Youtube for ei handfull år sidan. Ved hjelp av internett har albumet dei siste åra nådd ut til mange fleire, og no har plateselskapet Light In The Attic, som driv med nyutgjevingar av halvgløymde klassikarar frå mellom andre Lee Hazelwood, gjeve det ut på nytt i remastra utgåve – på vinyl i forskjellige fargar, CD, kassett og i digitale filformat.
Roande kjensle
Spor éin flyt fredsælt av garde, lik den bekken som tittelen «Creek» hintar om, og den roande kjensla av natur er det som albumet GREEN formidlar – etter kvart med glidande overgang til den kulturelle sfæren gjennom spor som «Street» og «Teevee».
Det er første gong den originale mixen blir gjeven ut utanfor Japan. Ein CD kom i si tid ut i USA, men han var krydra – eller kan hende snarare sulka til – med natursamplingar, til dømes av fuglekvitter.
Originalen
Dette originale lydbiletet er komponert utelukkande med lyden av Yoshimuras Yamaha-FM-synthesizerar. I likskap med artisten sjølv synest denne meldaren at denne versjonen er å føretrekke. Det kjennest reinare, både på det idémessige planet (når det kjem til formidling av (menneskeleg) natur via digital musikkteknologi) og musikalsk sett.
Dette er musikk som kan tilrådast på det varmaste som musikkspor til sumarferiering og andre avslappande tiltak.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar, kunstnar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.