Diamantar og sigarettar
Son Volt erklærer krig mot elendet.
Jay Farrar erklærer like godt krig mot elendet i bluesen «War On Misery,» som er å finne på Electro Melodier, det nye albumet frå Son Volt. Plata har fått namn etter to forsterkarmerke frå 1940- og 1950-talet, og det er ei tid fleire av desse songane kunne ha vore laga i, for igjen byr bandet på americana med djupe røter i blues- og folktradisjonen. Det går mot harde tider, syng Farrar på «Rebetika» (som elles ber namnet på ei gresk bluesform), ein song som reflekterer at det knapt skortar på ting å erklære krig mot, om ein først skal gi seg i kast med elendet.
Kva er det med røysta til Farrar? Når eg har gitt Electro Melodier nokre rundar i spelaren i sommar, har dei andre rundt meg rynka så smått på nasen. Dei meiner nok at det er noko beiskt og forbitra over det vi høyrer, ja, endåtil noko klagande. Sjølv om eg forstår kva dei meiner med det, kan ein også vri på det, for det er noko hardt, konfronterande og insisterande over Farrars røyst, som ein kan hevde passar godt med det han har på hjartet.
Låtskrivarens markante sosiopolitiske engasjement gjennomsyrer ikkje berre tekstane hans, men også Son Volts estetikk. Somme gonger tenkjer eg at det dreier seg om eit lydleg tilsvar til dokumentartradisjonen som har følgt etter Dorothea Langes fotografi frå den amerikanske landsbygda under den store depresjonen på 1930-talet. Klare ord er viktige, det same er ei slitesterk mobilisering av empati, ei oppmoding om å sjå og høyre medmennesket. Sagt annleis føyer songane til Farrar seg inn i eit lydspor som også omfattar songpoetar som Woody Guthrie (1912–1967), som han også har vore oppteken av i heile sitt artistliv.
Farrar skildrar tida og landet han lever i, og tek på seg ansvaret for å kalle ein spade for ein spade. Electro Melodier deler dermed det venstrepolitiske blikket og diagnostikken frå førre plate, Union (2019). Låtskrivaren har sjølv peikt på korleis ein song som «Living in the USA» følgjer opp ein tematisk åre ein kan spore tilbake til Neil Youngs «Rockin’ in the Free World» (1989) og Bruce Springsteens «Born in the U.S.A.» (1984), der Farrar oppdaterer frå ei samtid der symptoma frå 1980-talet berre har spissa seg til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.