Det store djupet
Bright Eyes er tilbake.
Bright Eyes har skifta metode og arbeidsmåte.
Foto: Dead Oceans
At Marianegropa med sine vel elleve kilometer er jordas djupaste havgrop, det hugsar eg faktisk heilt frå skuledagane, sjølv om eg meir enn éin gong har vorte nøydd til å finne fram eit kart for å kunne plassere området i det vestlege Stillehavet.
Ein fantastisk lektor som gjorde geografitimane til ein leik, makta å formidle kor overveldande det kan vere å finne ut av korleis ting heng saman, som til dømes dette at to plater i havbotnen møtest og vert til ei grop.
Til alle tider har mennesket retta blikket opp mot himmelkvelven og stjernene som funklar i det fjerne, for ei erkjenning om at den menneskelege eksistensen er så liten i det store biletet. Men det å lære om dei massive djupnene under bølgjene, og dei perspektiva som opnar seg om ein først skal byrje å tenkje på ei geologisk tidsrekning, kan ha noko av den same effekten.
Symbolikk
Er det rart det vert kunst av slikt? Og har eit slikt blikk nokon gong vore viktigare? Marianegropa omgir seg også med ein eigen symbolikk, og det overraskar ikkje at songpoeten Conor Oberst no har peila seg inn på denne. Idet «Mariana Trench», eit nøkkelspor på det tiande albumet frå Bright Eyes, Down in the Weeds, Where the World Once Was, nok ein gong dundrar ut av høgtalaren, tenkjer eg at han treffer godt med det.
At utarminga av naturressursar er uløyseleg knytt til konsum og økonomisk vinning, er eit tema i songen, som skildrar «selfishness as currency». «Mariana Trench» kulminerer i ei oppmoding om at kvar og ein av oss må følgje «pengesporet» for å finne skurken: «Look out on that ever-widening money trail».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.