Det som var, og det som er
Sharon Van Etten har fornya uttrykket på si nye plate.
Sharon Van Etten då ho spelte på musikkfestivalen Austin City Limits i oktober i fjor.
Foto: Jack Plunkett / Invision / AP / NTB scanpix
Med jamne mellomrom gjenopplivar ein artist uttrykket sitt ved å gjere bruk av nye verkty. Ei ny estetisk retning kan opne for ein ny måte å fortelje på. Dette må ha vore utgangspunktet for Sharon Van Etten då ho i arbeidet med ferske Remind Me Tomorrow la frå seg gitaren og fann vegen til synthar og trommemaskiner, slik så mange rockeartistar har gjort dei siste åra.
Først tok ho til å komponere ved tangentane, og første singel, tøffe og gatesmarte «Comeback Kid,» skal opphavleg ha vore ein pianoballade. Vidare har nyorienteringa mellom anna hendt i dialog med produsent John Congleton, som fekk høyre songane i tidlege, råe utgåver, og som føreslo nokre grep som gjorde dei mindre minimalistiske og rockebasiske enn det som er vanleg frå Van Etten.
Utgangspunktet
Snart fem år har gått sidan eg skreiv om Are We There (2014) på desse sidene, Van Ettens førre studioalbum, og ei av dei sterkaste rockeplatene på denne sida av tusenårsskiftet. Eg kjende meg skaka, opprørd og opprømt om kvarandre i møtet med materialet den gongen. Are We There fortalde om Van Ettens veg ut av eit destruktivt forhold, eit tilsynelatande umogleg utgangspunkt for å skulle kunne lage populærmusikk, men likevel ikkje, viste det seg. Albumet må ha vore viktig for mange lyttarar.
At utgangspunktet for Remind Me Tomorrow er eit ganske anna skal vel både artisten sjølv og vi vere glade for. I både presseskriv og ferske intervju kjem det fram at Van Etten skreiv songane på den nye plata då ho var gravid og studerte psykologi. Brått var ho å sjå på TV-skjermen også, i serien The OA, og så dukka ho opp og song i ein episode av David Lynchs nye Twin Peaks-serie.
Kreativ energi
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.