Det Kyger sa
Mount Eerie byr på meir medrivande livsforteljing på oppfølgjaren til Lost Wisdom frå 2008.
Mount Erie og Julie Doiron samarbeider igjen.
Foto: Rin San Jeff Miller
Phil Elverum slår like godt an tonen med ei tvilsvedkjenning i opningslinene på Lost Wisdom, pt. 2, det fine, nye albumet han har laga under artistnamnet sitt, Mount Eerie: «Through all of my life I waver back and forth between a belief and not believing in anything», heiter det i «Belief».
Det dreier seg ikkje om ein artist som for raskt slepper taket i det eksistensielle grubleriet. Elverum leier etter kvart lyttaren inn i ei sterk skildring av ny, livsendrande kjærleik, opplevd godt uti livet, men likevel like famlande og usikker som nokon gong før – og held i alle fall denne lyttaren fanga gjennom dei vel sju minutta det varer.
Enkelt
Uttrykket er enkelt, slik at tankar og ord, framførte med ei nær røyst, får stå i sentrum. Nokre gitarakkordar utgjer grunnstrukturen i botnen og får her og der følgje av nokre minimalistiske, nærast tilbaketrekte innslag av piano. Men røysta Elverum deler mikrofon med denne gongen, er svært viktig. Julie Doiron spelar ei sentral rolle på dette albumet, ikkje minst når ho for alvor vert introdusert midtvegs i «Belief», med ein nydeleg resitasjon av nokre liner av den amerikanske poeten Joanne Kyger (1934–2017). Songen er ikkje berre ein duett med Doiron, men også med Kyger: «The world goes on, breaking us with its changes until our form, exhausted, runs true.»
Oppfølgjar
Dei som kjenner Mount Eerie-katalogen, vil skjøne frå tittelen at denne plata faktisk er ein oppfølgjar, for Elverum laga albumet Lost Wisdom (2008) saman med Doiron og fann no tida rett for å vende tilbake til samarbeidet. På sine to førre plater song han om sjukdom og dødsfall – Geneviève Castrée, som Elverum var gift med, døydde i 2017. A Crow Looked At Me (2017) og Now Only (2018) var musikalske prosjekt som nærma seg det djupe, mørke kaoset ei brå omvending kastar eit menneske inn i, og gjorde det med intensitet, men også med nyansar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.