Det kvite flagget
Konfliktane står i kø på den nye plata frå Hiss Golden Messenger.
M.C. Taylor (bak til venstre) er mannen bak bandet Hiss Golden Messenger.
Pressefoto
Rock
Hiss Golden Messenger:
Terms of Surrender
Merge/Playground
«Her er mine vilkår for overgiving», erklærer M.C. Taylor i det avsluttande tittelsporet på det nye albumet frå Hiss Golden Messenger, Terms of Surrender. Det er ikkje første gong ein artist rundar av med ein song om at noko er over, og like godt kostar på seg ein metafor først og fremst knytt til strid.
Det er harde tak i fleire av songane på denne plata. Kjensla av at noko har låst seg fast, får til dømes forme ein song som «Cat’s Eye Blue», som konstaterer tapet: «We lost something big.»
Omsorg
Det går ikkje alltid som ein ønskjer eller håpar, og då kan ein få ei kjensle av å komme til kort, særleg for dei som står ein ekstra nær. Det er ei kjensle som skurrar i fleire av dei turbulente låtane på Terms of Surrender, til og med i det hovudsakleg lyse nøkkelsporet «Happy Birthday, Baby», som Taylor har skrive til dottera på fem år, og som er framført i brevform. Elsk bror din og mor di, er oppmodinga der: «I guess we better face it/ I’m a lonely swimmer a long, long way from shore.»
Ei mellommenneskeleg omsorg driv fleire av humanisten Taylors songar fram, også når han løftar blikket og nærmar seg det kollektive og det politiske. «Litt meir gjeld og litt mindre løn», heiter det i opningssporet på Terms of Surrender, der refrenget ljomer: «Goddamn, I need a teacher.»
Det skal vi nok lese som eit meir grunnleggjande uttrykk for ein lengt etter nokon som kan peike veg, men Taylor har ikkje kvidd seg for å konkretisere låten inn mot samtidspolitikken. Då «I Need a Teacher» dukka opp på forsommaren med ein musikkvideo, fekk vi sjå lærarar og elevar i Taylors heimstat North Carolina vandre ut av klasseromma i demonstrasjonar mot kutt i den offentlege skulen. På turneen til Hiss Golden Messenger går éin dollar frå kvar konsertbillett til Durham Public Schools Foundation. Taylor har eit sosialt og politisk engasjement – våren 2018 gav han inntektene frå ein ny song til Everytown for Gun Safety.
Jordfesta americana
I vekslinga mellom det nære og samfunnet får «overgivinga» som motiv ei rekkje tydingar på denne fine plata, som held same nivå som Taylor har etablert over nokre plater. Somme lesarar vil kjenne Hiss Golden Messenger frå tidlegare utgivingar. Både Lateness of Dancers (2014) og Hallelujah Anyhow (2017) fekk varm omtale på desse sidene då dei kom ut. Taylor har bakgrunn som folklorist og har nærma seg lokale musikktradisjonar i North Carolina, dit han flytta frå California, systematisk og tolmodig. Det har dreidd seg om ein jordfesta americana, med ekko både frå musikken The Band laga, og frå Van Morrisons kaledonske soul (ein særleg viktig referanse på Hallelujah Anyhow).
Det nye albumet bryt ikkje med denne estetikken, men held stø kurs. Det overraskar ikkje, men kling likevel som det skal. Brad Cook, ein særs viktig samarbeidspartnar for Taylor, har vore med som produsent, og folk som Jenny Lewis, Josh Kaufman og Aaron Dessner (The National) er gjestar. Delar av plata vart spelt inn i studioet til Dessner, og elles vart noko av materialet laga i Los Angeles, i Nashville og i Durham i North Carolina.
Albumet kjem ut fredag 20. september.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.