Det kunneha skjedd

Kari Bremnes inviterer deg til å gruble med.

Publisert

I møtet med verkeleg katastrofale nyhende kan vi ta oss i å tenkje at vi sjølve kunne ha vorte ramma av det som skjedde. Kva om det var meg eller mine som stod i det vegkrysset? Kva om det var denne helga vi tok turen? Kva om eg tok bussen ned eit par timar før?

Slike assosiasjonsrekkjer fører ein inn i grubleri. Kva om ein ikkje var fødd inn i eit privilegert liv? Vi vert prøvde som medmenneske, forhåpentlegvis til ein respons som er empatisk, snarare enn egoistisk.

Opningssongen på Det vi har, det nye albumet frå Kari Bremnes, rommar i løpet av knappe fire minutt ein refleksjon rundt dette lagnadsspelet. Teksten rettar seg direkte og konfronterande mot kvar og ein av oss: «Du tok te venstre / takk og lov.»

Litterær artist

«Det kunne skjedd» er inspirert av eit dikt av Wislawa Szymborska, og er imponerande knapp og presis. Så er då også Bremnes ein utprega litterær artist.

Ho har alltid vore ein lesar, og ho er ein rutinert skribent som kjenner fleire sjangrar. Ho arbeidde som journalist i årevis før ho vigde seg til musikken på heiltid. Songpoesien på Det vi har er gjennomgåande elegant, og prega av ei evne til å halde tilbake akkurat der det trengst.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement