Det inste sjiktet
NeoBarock skarpar av dei ulike kompositoriske laga i Bachs triosonatar.
Det tyske barokkensemblet NeoBarock – her med tre fiolinar, ikkje to, som på plata.
Foto: Peter C. Theis
Stundom kan ein i gamle og verneverdige hus oppdaga små felt med ulike fargar på veggene. Her har fagfolk – antikvarar, restauratørar eller kva slike kallar seg – grannsamt skrapa av dei ulike laga med måling for å finna ut kva fargar romma har hatt i tidlegare tider. Inst finn ein den eldste fargen, den originale.
Dei som arbeider med Johann Sebastian Bachs (1685–1750) kammermusikk, og då særleg med triosonatane, kan arbeida på liknande vis. Denne komposisjonsforma, med to melodiinstrument (vanlegvis fiolinar) og basso continuo (ei besifra bassline, vanlegvis framført av cello og cembalo), var barokkens mest sofistikerte – idealet var å komponera slik at dei ulike stemmene verkar likeverdige i høve til kvarandre.
Fiolinoriginalen
I Bachs nekrolog frå 1754 står det at han komponerte «ei mengde instrumentale saker, av allslags art og for allslags instrument». Likevel er det ikkje overlevert ein einaste triosonate for fiolinar etter han. Somt må difor vera gått tapt – tap det tyske strykeensemblet NeoBarock med det interessante albumet Metamorphose ynskjer å bøta på.
Musikarane tek her utgangspunkt i triosonatar for andre instrument som dei meiner Bach opphavleg skreiv for fiolinar. I restaurasjonsprosessen har dei skrapa av dei ulike kompositoriske sjikta til stykke for cembalo og viola da gamba (eit celloliknande strykeinstrument), og verk for to tverrfløyter og basso continuo. Slik håpar dei å finna fram til det som kan ha vore fiolinoriginalen.
Argumenta
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.