Det er berre slik det er
Bruce Hornsby held koken.
Bruce Hornby & The Noisemakers legg ut på turné i USA i samband med plateutgjevinga 12. april.
Foto: Jeff Fasano
Fleire lesarar vil nok knyte éin einaste song til namnet Bruce Hornsby, og det er «The Way It Is», ein av hitane som sette spor på dei i desse dagar så nostalgiomsuste 1980-åra. Låten, som var utstyrt med Hornsbys elegante og virtuose poppianospel, slo fast korleis det så ofte stiller seg: «That’s just the way it is, some things will never change.»
Då skreiv vi 1986, og sjølv om du no nikkar og hugsar songen, veit du kanskje ikkje at Absolute Zero, den nye plata til Hornsby, faktisk er hans 21. Den 64 år gamle artisten, som denne gongen har fått med seg folk som Jack DeJohnette, Blake Mills, yMusic, The Staves, Brad Cook, Justin Vernon og Sean Carey (Bon Iver), er rastlaust på veg vidare i ein utruleg rikhaldig og variert karriere.
Filmmusikk for Spike Lee har han laga, bluegrass med Ricky Skaggs, og jammen om ikkje fyren har turnert i lange baner med The Grateful Dead. DeJohnette har han laga triojazz med, saman med bassist Christian McBride – albumet Camp Meeting kom i 2007. Jazzimpulsane kunne ein alt høyre på soloalbumet Hornsby gav ut i 1993, Harbor Lights, der mellom andre Pat Metheny og Branford Marsalis var med.
I likskap med ein artist som Elton John har Hornsby ein utsøkt teft for melodi, og han ornamenterer songane sine med små dryss av pianotonar, men som musikar og komponist har han eit større register og skriv meir interessante og komplekse tekstar, inspirert av litterære heltar som Don DeLillo, noko som også vel gir han mindre kommersiell gjennomslagskraft.
Ei musikalsk rastløyse gjer at Hornsby heile vegen er på veg på tvers av etablerte sjangrar, også på Absolute Zero, og særleg i ein song som den sprøe hybriden «Voyager One», som han sjølv treffande karakteriserer som ein miks mellom Steve Reich og Prince. Friske saker! Her og på fleire andre spor spelar sekstetten yMusic ei svært viktig rolle, med strengeinstrument, fløyte, klarinett og trompet i sprelsk utfalding. Sentral er også vakre «Cast-Off», der Vernon og Casey er med, som vanleg med sterkt avtrykk i lydproduksjonen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.