Det byrjar å ta form
Lyder Øvreås Røed imponerer både som komponist og som arrangør.
Lyder Øvreås Røed (nummer fire frå venstre) står i spissen for Slow Is The New Fast.
Foto: AMP Music & Records
Lyder Øvreås Røed ute med den andre Slow Is The New Fast-plata to år etter den vellukka debuten Slow. Hans Kjorstad er erstatta av Håkon Aase, og fløytisten Henriette Hvidsten Eilertsen er ny på laget. Sjølv om musikken på Slower er meir groovebasert, er det framleis melankolien som pregar låtane til Røed.
Arrangementa er langt meir gjennomarbeidde og varierte no enn på debuten. Alle dei åtte låtane har sitt særpreg. Røed arrangerer for heile ensemblet. Lytt til dømes til bass og trommer på «What Is Geography Without Borders». Her er mange fine detaljar å festa seg ved.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.