Det Brueghel såg

Gun Outfit opererer i eit ope musikalsk landskap.

Det nyaste albumet til Gun Outfit kom ut i november.
Det nyaste albumet til Gun Outfit kom ut i november.
Publisert

Kanskje høyrer du til mellom dei som hadde stor glede av albumet Courtney Barnett og Kurt Vile gav ut i haust, Lotta Sea Lice, men som likevel ikkje kjenner til Gun Outfit?

I så fall bør du ta ein lytt til bandets femte album, Out of Range, som ikkje fekk den merksemda det fortente då det kom ut i november. Ikkje ulikt Barnett og Vile byr albumet på nokre slentrande, tilbakelente duettar der Carrie Keith (vokal, gitar og fiolin) og Dylan Sharp (vokal, gitar, banjo og bass) avslappa utvekslar både verseliner og gitarriff på beint fram herleg vis.

Intellektuelt pirrande

Eg skal likevel ikkje dra samanlikninga for langt. Gun Outfit representerer noko heilt eige i floraen av band som arbeider innanfor – og til same tid utvidar – det vi forstår med den uryddige sjangernemninga americana. Out of Range er ei intellektuelt pirrande plate, idérik og full av impulsar frå ei rik myteverd. Låtuniverset er ein tett og interessant tekstvev, men likevel er det stemningane som står i sentrum, i det som kjennest som eit ope musikalsk landskap.

«Landscape Painter» er ein forførande meditasjon over landskapet og menneskets forsøk på å fange det, som avslører låtskrivarduoens fascinasjon for Brueghel den eldre (ca. 1525–1569). Orfeus dukkar opp i den fantastisk titulerte «Ontological Intercourse», og gjer Out of Range til ein møteplass for gresk og nordamerikansk mytologi. Mellom andre impulsar som etter kvart gjer seg tydeleg gjeldande, er Ovids Metamorfosar, ei samling dikt som i sin rikdom nærast automatisk inviterer til kreativ behandling. (Ein personleg favoritt finst i Ted Hughes’ omsetjing, Tales from Ovid: Twenty-Four Passages from the Metamorphoses, 1997.)

Dynamisk duo

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement