Den svenske Mozart

Joseph Martin Kraus var ein oppdatert tonekunstnar.

Den tysk-svenske komponisten Joseph Martin Kraus (1756–1792), her som student i 1775.
Den tysk-svenske komponisten Joseph Martin Kraus (1756–1792), her som student i 1775.Den tysk-svenske komponisten Joseph Martin Kraus (1756–1792), her som student i 1775.
Publisert

«Den gustavianske klassisismen», kallar tyskarane han, den vitskaplege og kulturelle blømingstida i Sverige under Gustav III, då Stockholm fekk aukenamnet «Nordens Paris». Kongen grunnla mykje, mellom anna Svenska Akademien og Kungliga Operan, og det var under ein maskerade i operaen han blei myrda med eit pistolskot i ryggen – dei stendige freistnadane hans på å styrka kongemakta på kostnad av adelen, hadde skaffa han mange fiendar.

Av dei mange diktarane, kunstnarane og musikarane Gustav var patron for, er vel Carl Michael Bellman den mest kjende i dag. Men òg frå utlandet strøymde talenta til. Mellom dei var tyskaren som skulle bli ein av Bellmans beste vener, komponisten Joseph Martin Kraus, som busette seg i Stockholm i 1778. At Kraus blir kalla «Den svenske Mozart» har å gjera med både årstal – Kraus blei fødd same året og døydde eitt år etter Mozart – og at fleire av verka hans ligg wienerklassikaren stilistisk nær.

Det sistnemnde gjev denne nye CD-boksen fleire fine døme på. Ingen av dei fem albuma i boksen er nye. Men sidan Kraus er eit såpass ukjent namn i klassiskverda, byr han likevel på mykje nytt for dei fleste, inkludert meg. Kvaliteten på framføringane, som er ved ulike tidlegmusikkensemble og -solistar, er gjennomgåande god.

Intermesso og kantatar

Korleis skal me karakterisera Kraus’ komposisjonar? Å redusera han til Mozart-epigon har ingen ting føre seg, for verka syner mange slags påverknadar. Inntrykka skaffa han seg mellom anna gjennom ei fireårig danningsreise svenskekongen finansierte for han frå 1782 til 1786. Denne turen gjennom England, Frankrike, Italia, Tyskland og Austerrike gjorde han stilistisk «up to date». I Austerrike fekk han personleg møta idola sine: Gluck, den store ballett- og operareformatoren, og Haydn, mannen som definerte wienerklassisismens nye strykekvartett og symfoni.

CD 1 inneheld fire intermesso som Kraus truleg komponerte til Gustav III etter heimkoma i 1786. Ariane og ballettane har Glucks vedunderlege lette ved seg, med rokokkoornament kombinerte med tidlegklassisismens klåre, songelge melodiar. CD 2 er den mest virtuose, med Kraus’ fire italienske solokantatar for sopran og orkester. Dei toler absolutt samanlikning med Mozarts stykke av same type. For sjølv om ariane vantar noko av den mozartske sødmen, er det noko uforfalska italiensk over melodikken. At kantatane sjeldan blir framførte, har òg med det tekniske å gjera: Dei er fordømt vrine å synga, noko som ikkje ser ut til å sjenera den tyske sopranen Simone Kermes. Ho gyv laus på dei villaste koloraturariane og får det – med nokre få unntak når det gjeld intonasjonen på topptonane – perfekt til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement