Den store bølgja
Patrick Watson kom seg til overflata og laga musikk av det.
Patrick Watson har gjeve ut åtte studioalbum sidan debuten i 2001.
Foto: Domino Music
«Do you feel a little broken?», heiter det i «Broken», eit av nøkkelspora på Wave, det sjette studioalbumet frå kanadiske Patrick Watson. Det finst vel knapt ein einaste lyttar som ikkje ein eller annan gong har svara ja på det spørsmålet? Men popsongen gjer det mogleg å stille det på sin eigen måte – igjen og igjen, i refrenget, som for å vere sikker på at vi verkeleg høyrer det, tek det innover oss, noko det er vanskeleg ikkje å gjere, når Watson etter kvart løftar det opp med si vakre røyst og får det til å funkle.
Då Patrick Watson gav ut Love Songs for Robots (2015), kjendest det som eit tidstypisk, kulturdiagnostisk album, som gjekk inn i rekkja av utgivingar som tek opp i seg spørsmåla om kvar grensene går mellom mennesket og teknologien. Likevel merkte plata seg ut – midt i ein toppmoderne musikkproduksjon var det som om Watsons røyst heldt fast ved noko skjørt menneskeleg, og på same tid var på flukt frå det, prøvde å løfte seg opp, og over det.
Smerteleg tap
Denne kvaliteten er også markant på dei ti songane på Wave, men no endrar det observerande blikket karakter. Det er vendt innover, mot det konkrete, enkelte menneskelivet, som er så sårleg, og som så brått kan verte utsett for ei omvelting som snur opp ned på alt.
Det har vore ei stram tid for Watson, som miste mor si under arbeidet med albumet, opplevde at det kom til eit brot med partnaren og såg eit sentralt musikalsk samarbeid komme til ein ende. Ei kjensle av smerteleg tap, og kavet med å overvinne ei slik kjensle, er utgangspunktet for og utgjer den raude tråden i Wave.
Opningssporet «Dream for Dreaming» skildrar kjensla av å vere overraska over å ha vorte forlaten og å skulle ønskje at det heile berre var ein draum. Tittelsporet fortel om den store bølgja som dreg deg ned, bølgja som får deg til å lure på om du nokon gong kjem opp igjen, og som etterlèt deg knust og forkommen i strandkanten. Det er lett å la seg merke av «Wave», som lydleggjer dette eksistensielle dragsuget, kjensla av å gå under, av havari.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.