Den siste flamlendar

Giovanni de Macque teiknar tonebilete av dansande nymfer og fuglar i flukt i madrigalane sine.

Dansande nymfer, slik italienaren Francesco Zuccarelli (1702–1788) såg slike føre seg.
Dansande nymfer, slik italienaren Francesco Zuccarelli (1702–1788) såg slike føre seg.
Publisert

«Den flamske skulen» blir ho kalla, retninga i den vokale renessansemusikken som utvikla seg på byrjinga av 1400-talet i Flandern, området som i dag ligg på både nederlandsk, belgisk og fransk grunn. Stilen sameinar på vedunderleg vis streng polyfoni med uttrykkssterk klang, og påverknaden han i to hundreår hadde på den europeiske kunstmusikken, kan mest ikkje overvurderast. For flamske komponistar kledde dei høgaste musikarstillingane ved europeiske hoff og i katedralar, mellom anna i Venezia, der dei la grunnlaget for ein annan skule, «den venetianske», som i sin tur bana veg for barokkmusikken.

Fiamminghi

Musikken det tyske ensemblet Weser Renaissance spelar på dette albumet, er av ein av dei siste store flamlendarane, eller fiamminghi, som italienarane kalla dei: Giovanni de Macque (1548–1614), som kom til verda i Valenciennes i dagens Frankrike. Han blei utdanna ved hoffkapellet i Wien, var organist i San Luigi dei Francesi, den franske nasjonalkyrkja i Roma, og enda opp som kapellmeister ved hoffet til visekongen av Napoli.

Plata er fint programmert, med femstemmige madrigalar (verdslege vokalkomposisjonar) og reine orgelstykke – dei fyrste vitnar om de Macques evne til ekspressive tonemåleri, dei siste om den grunnlærde klaverstilen hans. Han greier nemleg å modulera til dei fjernaste toneartar utan at det kling kunstla.

Kjølig pust

Kva ligg så i omgrepet «ekspressive tonemåleri»? Det er evna til å understreka handlinga eller konkrete hendingar i librettoen (poesien) musikalsk. Lat oss ta to døme frå CD-en: Eit enkelt eksempel finst i den fyrste madrigalen, Cantan gl’augelli. Le Ninfe menan danz’, der me blir tekne med til det idyllisk-sorglause Arkadia på Peloponnes. «Nymfene dansar i krins og kveikjer hjarta til gjetarane», heiter det ein stad i diktet, noko Macque illustrerer ved brått å skifta til tredelt, valseaktig taktart.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement