Den nye kunsten
Ensemble Gilles Binchois framfører Guillaume de Machauts epokegjerande mellomaldermesse med jamn og lett flyt.
Ars nova («den nye kunsten») kallar me komposisjonsskulen som oppstod i Frankrike i byrjinga av 1300-talet. Det nye ved han var at den polyfone (fleirstemmige) vokalmusikken for fyrste gong oppnådde ein teknisk kompleksitet og eit klangleg uttrykk av typen me i dag gjerne oppfattar som «vakker» musikk. Ikkje det at komposisjonsskulen føreåt, ars antiqua, («den gamle kunsten») frå 1200-talet, ikkje var vakker. Men han kling mykje meir arkaisk og ru, utan den melodiske flyten og den meir metta harmonikken ars nova-musikken har.
Verkomgrep
Dei nye uttrykksmåtane ars nova-stilen gav, heng saman med utviklinga av ein ny og meir grannsam måte å notera rytmane på. For gjennom den såkalla «mensuralnotasjonen» kunne tidsverdien og tonehøgda til notane fastslåast nøyaktig. Dette gav komponistane ein annan kontroll over musikken – notane var ikkje lenger berre ein peikepinn på kva som skulle syngast, men formidla så mykje informasjon at me kan byrja å tala om «verk» skapte av «individuelle kunstnarar».
Denne nye individualiteten syner seg i verka til den franske musikaren, poeten og presten Guillaume de Machaut (1300–1377), som var den fremste ars nova-komponisten.
Lyrisk kontratenor
Ei legendarisk innspeling av Machauts Messe de Nostre Dame blei gjort av Ensemble Gilles Binchois i 1999. (Original-CD-en er vanskeleg å få tak i, men plateselskapet Brilliant Classics kom med ei billeg nyutgjeving i 2011.) Musikkhistorisk er dette mellomalderverket viktig: Så vidt me veit, er ho den fyrste polyfone tonesetjinga av alle dei faste messeledda i gudstenesta som er gjort av éin komponist. Likevel er det mykje me ikkje veit om stykket. Kva tid og i kva samanheng blei det til? Fekk komponisten nokon gong høyra det sjølv? Og korleis blei det framført i samtida?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.