Den breie elva
James Yorkston drog til Sverige for å lage plate.
James Yorkstone, med beina i kross, har gjeve ut elleve album så langt. Med seg har han The Second Hand Orchestra.
Pressefoto
Å ha noko i seg som ikkje slepp taket – der har du det tunge strevet James Yorkston skildrar i «Struggle», fjerdesporet på det nye albumet The Wide, Wide River. Men heldigvis er det likevel slik at ein tør å ta sats, for det må ein jo berre, og seie: «I am here for you.»
For Yorkston er den breie elva i platetittelen ei grense, ein barriere, og i nøkkelsporet «Choices Like Wide Rivers» vert ein ståande og skode over, før ein kastar seg ut, for kven veit korleis det ser ut på den andre breidda?
Terskelen og steget – det er der Yorkston gjerne lokaliserer ein song, i den usikre tilstanden der utfallet er uvisst, men ein må ta eit val. Den skotske singer-songwriteren og forfattaren (49) har gitt ut musikk i tjue år no, og somme lesarar vil vel kjenne han frå nokre av dei mange prosjekta han har vore involvert i. Han kjem frå Fife, ein region som mellom anna har gitt oss Jackie Leven, og han var ein del av samanslutninga the Fence Collective (mellom anna saman med King Creosote). Debutplata Moving Up Country (2002), som var produsert av Simon Raymonde (Cocteau Twins), gjorde det skarpt, og han vart raskt omfamna av ei rekkje artistar han også fekk varme opp for på konsertar, mellom dei John Martyn, Beth Orton, Tindersticks og Lambchop.
Studio i Stockholm
Sidan har det gått slag i slag, og The Wide, Wide River er artistens ellevte album. Med seg denne gongen har han svenske Karl-Jonas Winqvist og The Second Hand Orchestra, og dei åtte songane på den nye plata er alle spelte inn i Stockholm i løpet av tre dagar, med musikarar Winqvist tromma saman.
Det er eg glad for, for sjølv om det er Yorkstons blikk og røyst, sjølv om han har skrive alt og syng og spelar gitar, så er det samspelet og det som utfaldar seg mellom musikarane som verkeleg pustar liv i The Wide, Wide River og gjer plata til ei sterk stund i kryssingspunktet mellom folk og rock. Yorkston fann seg til rette i studioet i Stockholm, og albumet er fullt av fine og velvalde detaljar og utsmykkingar, som den funklande omnichorden Felix Wickman trakterer på «There Is No Upside».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.