Den åttande porten

Dei siste opptaka Jason Molina gjorde før han døydde, kjem ut på plate.

Jason Molina vart 39 år gammal.
Jason Molina vart 39 år gammal.
Publisert

Eg held dei høgt, platene Jason Molina laga under namna Songs: Ohia og Magnolia Electric Co. Det skal helst ikkje gå eit år utan at eg høyrer på Magnolia Electric Co. (2003), ei av favorittplatene mine, med udiskutable klassikarar som «Farewell Transmission» og avslutningssporet «Hold On Magnolia» med sin skinande «great highway moon».

Inspirasjon

Materialet på Eight Gates, som er ute i dag, er det siste Molina spelte inn før han døydde som ei følgje av helseproblema alkoholismen gav han, i 2013. Bakgrunnen for tittelen er spesiell. I 2006 eller 2007 – ingen er heilt sikker på nøyaktig kva tid – flytta Molina til London, og han fekk raskt eit lidenskapeleg forhold til dei nye omgivnadene sine. Det vart mange og lange spaserturar, og slike oppdagingsferder i byrommet kombinerte artisten med å sluke litteratur om byen. Det manglar jo ikkje på verken mytologi eller historieforteljing om London, og fordjupinga skapte ein kreativ skapartrong hos Molina, som dikta opp sin eigen versjon av metropolen, slik andre kunstnarar har gjort før han.

Mellom forteljingane som fascinerte Molina, var dei om Londons gamle bymur, ein forsvarsmur bygd av romarane for å forsvare hamna ved Themsen. Restar av byggverket finst framleis, og «dei sju portane» ut mot romerske vegar figurerer i litteraturen om byen. Men sju var ikkje nok for Molina. Han trong ein til, til eige bruk, ein åttande port som ein berre kan passere i fantasien.

Nake preg

Denne bakgrunnen er med på å lage ei fin ramme for lyttinga til materialet som no kjem ut posthumt. For ein som har lytta ein del til platene Molina gav ut under namnet Songs: Ohia, gir songar som «Whisper Away» og «Thistle Blue» assosiasjonar til eit album som The Lioness (2000).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement