JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Den åttande porten

Dei siste opptaka Jason Molina gjorde før han døydde, kjem ut på plate.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jason Molina vart 39 år gammal.

Jason Molina vart 39 år gammal.

Foto: Secretly Canadian

Jason Molina vart 39 år gammal.

Jason Molina vart 39 år gammal.

Foto: Secretly Canadian

2771
20200807
2771
20200807

Rock

Jason
Molina:

Eight Gates

Secretly Canadian

Eg held dei høgt, platene Jason Molina laga under namna Songs: Ohia og Magnolia Electric Co. Det skal helst ikkje gå eit år utan at eg høyrer på Magnolia Electric Co. (2003), ei av favorittplatene mine, med udiskutable klassikarar som «Farewell Transmission» og avslutningssporet «Hold On Magnolia» med sin skinande «great highway moon».

Inspirasjon

Materialet på Eight Gates, som er ute i dag, er det siste Molina spelte inn før han døydde som ei følgje av helseproblema alkoholismen gav han, i 2013. Bakgrunnen for tittelen er spesiell. I 2006 eller 2007 – ingen er heilt sikker på nøyaktig kva tid – flytta Molina til London, og han fekk raskt eit lidenskapeleg forhold til dei nye omgivnadene sine. Det vart mange og lange spaserturar, og slike oppdagingsferder i byrommet kombinerte artisten med å sluke litteratur om byen. Det manglar jo ikkje på verken mytologi eller historieforteljing om London, og fordjupinga skapte ein kreativ skapartrong hos Molina, som dikta opp sin eigen versjon av metropolen, slik andre kunstnarar har gjort før han.

Mellom forteljingane som fascinerte Molina, var dei om Londons gamle bymur, ein forsvarsmur bygd av romarane for å forsvare hamna ved Themsen. Restar av byggverket finst framleis, og «dei sju portane» ut mot romerske vegar figurerer i litteraturen om byen. Men sju var ikkje nok for Molina. Han trong ein til, til eige bruk, ein åttande port som ein berre kan passere i fantasien.

Nake preg

Denne bakgrunnen er med på å lage ei fin ramme for lyttinga til materialet som no kjem ut posthumt. For ein som har lytta ein del til platene Molina gav ut under namnet Songs: Ohia, gir songar som «Whisper Away» og «Thistle Blue» assosiasjonar til eit album som The Lioness (2000).

Men ikkje alt er like ferdigstilt på Eight Gates, der den lengste songen varer i litt over fire minutt, og fleirtalet av dei ni låtane varer i to­–tre minutt. «She Says» og «The Crossroads and the Emptiness», til dømes, er ganske på skissestadiet og har noko av dette nakne preget somme vil hugse frå Let Me Go Let Me Go Let Me Go (2006), då Molina strippa det ganske kraftig ned, etter det rike banduttrykket som fanst på Magnolia-platene. Småpraten til teknikaren her og der styrkjer kjensla av at artisten prøvde seg fram då han framførte mykje av det vi høyrer.

Slik er det vel ofte med slike utgivingar. Eg er glad eg har fått høyre det som er samla på Eight Gates, og særleg er det flott å høyre røysta til Molina igjen, men når det kjem til min årlege Molina-dose, vil nok valet framleis falle på dei same platene som før.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis