Demokratisk teknologiutforsking
100% Electronica leverer musikkopplevingar i den virtuelle røynda for distanseringsalderen.
Den første internettkonserten eg gjekk på i koronatida, var det amerikanske vaporwave-labelen 100% Electronicas Virtual Utopia, som gjekk av stabelen i den virtuelle røynda i starten av april. Nyleg blei oppfølgjaren, Virtual Utopia 2, livestrøymd.
Med VR-brillene på fekk eg sjå FM Skyline framføre fredsæl synthmusikk i eit himmelsk krystalltempel omgjeve av platonske lekamar. Esprit musiserte i dataspelet Grand Theft Auto: San Andreas’ framstilling av Los Angeles’ strandsone frå 2004, medan Negative Gemini handterte samplaren sin blant digitale dinosaurar.
Innimellom innslaga, som òg inkluderte Equips spelinspirerte fantasimusikk og ein ny VR-video frå death’s dynamic shroud, DJ-a nederlandske Cat System Corp. i eit folketomt kjøpesenter. Innslaget til brasilianske Windows96, som gjekk føre seg i ein virtuell EDB-sal frå rundt tusenårsskiftet, understrekar korleis denne teknologiske tilnærminga på same tid er både nostalgisk og framtidsretta.
VR er ikkje allemannseige enno, men det går heldigvis fint an å få med seg dette utan slik kostbar og stadig ung teknologi. Konserten ligg arkivert på Youtube, der ein kan sjå han på vanleg skjerm og drage biletet rundt i alle sine 360 grader.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.