Demokratisk teknologiutforsking
100% Electronica leverer musikkopplevingar i den virtuelle røynda for distanseringsalderen.
Internettkonsert
Ymse artistar:
Virtual Utopia 2
100% Electronica
Den første internettkonserten eg gjekk på i koronatida, var det amerikanske vaporwave-labelen 100% Electronicas Virtual Utopia, som gjekk av stabelen i den virtuelle røynda i starten av april. Nyleg blei oppfølgjaren, Virtual Utopia 2, livestrøymd.
Med VR-brillene på fekk eg sjå FM Skyline framføre fredsæl synthmusikk i eit himmelsk krystalltempel omgjeve av platonske lekamar. Esprit musiserte i dataspelet Grand Theft Auto: San Andreas’ framstilling av Los Angeles’ strandsone frå 2004, medan Negative Gemini handterte samplaren sin blant digitale dinosaurar.
Innimellom innslaga, som òg inkluderte Equips spelinspirerte fantasimusikk og ein ny VR-video frå death’s dynamic shroud, DJ-a nederlandske Cat System Corp. i eit folketomt kjøpesenter. Innslaget til brasilianske Windows96, som gjekk føre seg i ein virtuell EDB-sal frå rundt tusenårsskiftet, understrekar korleis denne teknologiske tilnærminga på same tid er både nostalgisk og framtidsretta.
VR er ikkje allemannseige enno, men det går heldigvis fint an å få med seg dette utan slik kostbar og stadig ung teknologi. Konserten ligg arkivert på Youtube, der ein kan sjå han på vanleg skjerm og drage biletet rundt i alle sine 360 grader.
På same kanal ligg ein livestraum der sjåarane kan taste inn enkle kommandoar som til dømes styrer fargen på ljoset i lageret til labelen, og under konsertstrøyminga blei det avslørt at gratisvideoar om korleis ein sjølv kan lage 360-graders innhald, er på veg. 100% Electronica driv med ei svært relevant og demokratisk utforsking av teknologiske mogelegheiter.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar, kunstnar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.