Dei kvite hestane og gullenka

Jimbo Mathus og Andrew Bird har laga musikk saman igjen.

Jimbo Mathus og Andrew Bird.
Jimbo Mathus og Andrew Bird.
Publisert

Det er mange grunnar til at «Three White Horses and a Golden Chain», det avsluttande sporet på These 13, den nye plata til Jimbo Mathus og Andrew Bird, festar seg og ikkje slepper taket.

Teksten byr på nokre klare, skarpe bilete av eit gravfølgje, der dei tre kvite hestane og gullenka i tittelen er sentrale motiv. Finst det nokon skapning eller figur i americanatradisjonen som har ein meir prominent posisjon enn hesten, som dukkar opp i fleire songar på These 13? Det som likevel kanskje gjer sterkast inntrykk med «Three White Horses and a Golden Chain», er nok Mathus og Birds inderlege framføring av eit siste ønske. Det høyrest medrivande truverdig ut.

Utan staffasje

These 13 byr, som tittelen ymtar om, på tretten songar, alle av det forteljande slaget, og er eit typisk americanaprosjekt med greiner bakover i både gospel, blues og country.

Meir enn éin gong kan ein ta seg i å tenkje at komposisjonane må stamme frå ei anna tid, også fordi dei er framførte heilt utan staffasje, dette er songar som kunne ha vore sunge og spelte i det flakkande lyset frå leirbålet.

Det er ikkje stort meir som trengst enn Mathus og Bird, røystene deira og nokre strengeinstrument, ikkje minst fiolinen Bird spelar så flott på, til dømes på nett «Three White Horses and a Golden Chain», der han også plystrar, slik han tidt og ofte gjer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement